NRK Meny
Normal

Eva Weel sparte på stemma, men ikkje på produktiviteten

På heimebane har det vore lite lyd i Eva Weel Skram i vår og sommar. Kvifor? Konserten i Førdehuset 28. april.

Eva Weel Skram

TIDENES HAUST: – Vi klarer ikkje heilt å stogge endå, seier Eva Weel Skram og fortel om konsertar i bygd og by utover hausten og våren.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Eg har snakka på konsertar, men nesten ingenting heime. Det er krevjande for ei som likar å skravle, ler Eva Weel Skram og forklarar:

– Eg var veldig forkjølt og usikker på om eg klarte å gjennomføre konserten, men gjorde det berre på pur vilje. Dermed fekk eg ei rift i stemmebandet.

– Berre å følgje opp

Eva Weel Skram

RIFT: Eva Weel Skram fekk rift i stemmebandet, men er bra att. – Eg har så gode minne frå Førdehuset at eg bestemte meg for å ikkje avlyse den første konserten eg hadde der, seier ho.

Foto: Stine Raastad

Om 31-åringen frå Sogndal har kvilt stemmebandet i heimen, så har ho ikkje gjort det på scena.

Skram har hatt eit rimeleg hektisk halvtanna år sidan ho var med på TV2-programmet «Hver gang vi møtes».

– Det har vore den mest hektiske, men også den beste tida i livet mitt. Alt av kjensler på ein gang. Det største var sjølvsagt å bli mamma, men så har eg jobba ganske lenge med musikken, seier ho og held fram.

– Eg kan ikkje setje meg ned og ta mammaperm når det byrjar å losne. Då er det berre å følgje opp, fortel ho.

Sleppte ny låt

Det har ho gjort til gagns. Saman med vesle William og gitarist og ektemann Thomas Stenersen har dei gledd fanskaren over det ganske land.

I vår kom «Berre la meg vær», som handla om uvissa og det å skyve folk vekk frå seg. I dag kom singelen «Hold meg». I april kjem albumet.

– «Hold meg» er ein hyllest til den som er der, og har vore der heile vegen. Eg er veldig glad i den, seier ho og legg til at låten er skriven av Trygve Skaug.

Først frihelg sidan mai

Eva Weel Skram og Thomas Stenersen

UBESKRIVELEG: Eva Weel Skram er glad for å ha ektefellen med på reisa. – Vi pusher kvarandre og inspirerer kvarandre. Dette er draumejobben, og då er det viktig å vere produktive og skape noko nytt. Det er vanskeleg å få tid til det. Då er eg stolt over at vi klarer det.

Foto: Pressefoto

For foreldra har det ikkje berre handla om musikk. Dei to har også måtte lære seg noko heilt nytt – å vere nettopp foreldre.

– Faktisk er dette er første frihelga sidan mai. Men det er heilt greitt. Eg har det så gøy, smiler Skram.

– Det er mykje hard jobbing, mykje nytt, mykje reising – og lite søvn, seier ho.

Tidenes haust

Meir skal det bli.

– Thomas talde opp 250 kulturhus i Norge. Vi vil besøke alle, seier Skram og fortel at dei går i møte med tidenes haust.

– Vi har lagt opp til 20 jobbar, der vi skal spele på større stader enn vi har gjort. Grieghallen i Bergen, Olavshallen i Trondheim, Stavanger konserthus, Sentrum Scene i Oslo. Så blir det å reise til bygdene utover våren, avsluttar ho.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy