Hopp til innhold

Eva Weel Skram får Luttprisen

Etter eit fantastisk år var det Eva Weel Skram som i dag fekk tildelt Luttprisen som årets artist i Sogn og Fjordane 2016.

Eva Weel Skram

STAVANGER: Eva Weel Skram var i Stavanger då ho vart tildelt Luttprisen som årets artist i 2016.

Foto: Pressefoto

Luttprisen er NRK Sogn og Fjordane sin pris til årets artist i Sogn og Fjordane. Vinnaren er kåra av ein folkejury av publikumsrøyster saman med ein fagjury. Prisen er ein kunstdiplom og eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. I år kom det inn heile 5000 røyster frå publikum.

-Overraska og utruleg glad

Prisen vart delt ut i Stavanger laurdag, sidan Eva har ein større spelejobb i oljebyen denne helga.

– No blei eg veldig veldig overraska og utruleg glad. Kjenner eg er djupt takknemleg over å få ei slik anerkjenning, etter det som har vore det mest hektiske, men og det mest fantastiske året eg har hatt nokon sinne! Tusen takk til juryen og til alle som har stemt, og til alle som på ein eller annan måte har følgt meg dette året. Det har vore heilt magisk, seier Eva Weel Skram.

Historisk prisvinnar

Eva Weel Skram blir historisk som den første som får Luttprisen for tredje gong. Saman med ektemannen Thomas har artisten frå Sogndal hatt eit eventyrleg år, både privat og som artist. Som nybakt mamma starta Eva 2016 som deltakar i TV2-programmet «Hver gang vi møtes,» der ho framførte fleire sjølvskrivne tekstar på både dialekt og nynorsk.

Pluss for bruken av dialekt

Juryen trekk fram bruken av nynorsk som eit ekstra pluss frå sist Eva fekk Luttprisen.

– løpet av eit usedvanleg aktivt år med konsertar over heile landet, peikar to konsertar i Den Norske Opera seg ut som uforgløymelege høgdepunkt. Året kulminerer med Evas tittellåt til årets julekalender på NRK, «Selmas song,» skriv juryen i si grunngjeving.

Set fylket på kartet

Eva får altså stipend frå Sparebanken Vest som ein del av prisen. Tore Dvergsdal i banken, seier Eva Weel Skram er ein artist som i år har vore med å sett fylket på kartet.

– Vi i Sparebanken Vest er glade og stolte over å kunne dele ut Luttprisen 2016 til Eva. Ho har gjennom fleire år levert heilt i toppen, og har det siste året befesta sin posisjon som ein av landets fremste artistar. Vi håpar prisen kan vere med på å inspirere til vidare arbeid dei neste åra. Gratulerer Eva Weel Skram, seier Dvergsdal.

I fagjuryen sit Jan Inge Fardal i Sogn Avis, Hilde Bjørkum i Førdefestivalen, Tore Dvergsdal i Sparebanken Vest, Stein Aase i NRK og Øyvind Lyslo frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Desse har fått Luttprisen tidlegare:

2015: Good Time Charlie
2014: Thea Hjelmeland
2013: Karl Seglem
2012: Vreid
2011: Eva Weel Skram
2010: Sigrid Moldestad
2009: Håvard Lothe
2008: Generous Days
2007: Sigrid Moldestad
2006: Eva Weel Skram