NRK Meny
Normal

Ein heilt unik konsert

BYGSTAD (NRK): Fredag kveld spelte Eva Weel Skram og Thomas Stenersen ein konsert utanom det vanlege på Åmot Operagard.

Eva øvar på sin nye song som hadde urpremiere på Åmot gard

URPREMIERE: Eva Weel Skram øver på sin nye song som hadde urpremiere på Åmot Operagard fredag kveld.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Eg føler meg som verdas heldigaste, klyp meg i armen og håpar det ikkje skal ta slutt, seier Skram spent.

Luttredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane, Rein Design og Åmot Operagard har samarbeidd om å skipe ein intimkonsert laga for fjernsyn. Skram sin musikk i ei idyllisk ramme i Bygstad kjem på TV-skjermane seinare i haust.

Gå til forsiden

Sjå dei fantastiske bileta frå Eva sin unike intimkonsert

Eva Weel Skram spelar inn TV-konsert på Åmot Opergard

Sjå dei fantastiske bileta frå Eva sin unike intimkonsert

29 bilder

    Eksklusiv konsert

    – Å få denne moglegheita er heilt unikt, og betyr enormt mykje for meg, seier 30-åringen.

    Berre om lag 80 billettar blei lagt ut for sal, ettersom NRK sitt TV-utstyr tok mykje plass. Dette gjorde konserten til ein av det eksklusive slaget.

    Skram meiner ho har blitt godt motteken av vertskapet på Åmot Operagard.

    – Heile dagen er berre heilt magisk. Vertskapet sin meny er spesielt laga etter det eg likar å ete. Kveite og sjokoladefondant til dessert, seier songaren, og tek sjølvsagt bilete av tallerkenen sin.

    Eva tek også instagrambilete av maten sin

    FOTOGRAF: Eva tok bilete av sin eigen meny.

    Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

    – Me skal spele ein heilt ny song i dag, så eg har øvd som besett på pianoet.

    Songen heiter «Selmas sang», og er skriven spesielt for NRK sin nye julekalender Snøfall. Sogndal-artisten gler seg til å framføre songen for fyrste gong framfor eit publikum.

    – Dette blir på ein måte ei urpremiere.

    Samarbeid

    – Eg har jobba med Lutt fleire gongar, men hadde aldri drøymt om at eg skulle ende opp med å ha min heilt eigen konsert, seier artisten som no bur i Oslo.

    Skram er glad for at det framleis finst musikkprogram på fjernsyn. Samtidig saknar ho stader der norske artistar får syne seg fram. Difor ser ho på Lutt sitt arbeid som viktig for musikkmiljøet.

    – Me har spelt mange plassar i år. Frå ei hóle i Hellebergshillaren til svaberg på Sørlandet og for fullsette operahus, men denne kvelden toppar det meste. Bortsett frå då William blei fødd då, sjølvsagt, smiler Skram.

    Thomas Stenersen

    GITARISTEN: Ektemann Thomas Stenersen spelte også med Eva på konserten på Åmot.

    Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

    Ein utfordrande konsert

    – Eg er vand med mykje meir tid på scena, seier Skram.

    TV-konserten, som skal sendast på NRK i haust, er om lag tre kvarter lang. Til vanleg står ho på scena i om lag ein time meir enn det.

    – Vanlegvis pratar eg mykje mellom songar. Ein gong opplevde eg at ein mann fridde til kjærasten sin, ler ho.

    Hektisk haust

    30-åringen fortel om eit hektisk år. I tillegg til å bli foreldre i januar, har duoen spelt fleire konsertar kvar veke.

    – Me skal spele kvar helg fram til nyttår, bortsett frå neste helg. Det er den einaste frihelga me får heile året, og det er då William skal døypast.

    – Det har gått ni månadar, så det er nok på tide, ler Skram.

    Åmot Operagard

    GODT VÊR: Sola gløtta gjennom i Bygstad, i alle fall ei lita stund.

    Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
    Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
    Teaterfestivalen i Fjaler  
    Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå