Hopp til innhold

Har gitt frå seg kontrollen for å få utvikling

Dei er kjende for å halde seg heime, lage musikk saman, og plutseleg dukke opp med singlar som får folk til å kaste seg på dansegolvet. Men no har Eva & The Heartmaker gjort noko heilt anna.

Eva Weel Skram i studio

NYE LÅTAR OG NY VIDEO: Eva Weel Skram tar musikken eit steg vidare ved å gje frå seg kontrollen. No lagar popduoen Eva & the Heartmaker musikk frå Sverige og København.

Foto: Thomas Stenersen

– Det har vore utruleg spanande og gøy. Førre plate laga vi eit studio heime i leilegheita i Oslo. Vi tenkte at no har vi gjort det, no må vi ut å gjere noko nytt, seier Eva Weel Skram.

Ekteparet Eva Weel Skram og Thomas Stenersen har tidlegare gitt ut fire album. Med songen «Told you» har duoen teke eit steg vidare i karrieren.

Lenger nede kan du høyre radiopraten med Weel Skram. Der kan du høyre to nye singlar, og artige historier frå innspelinga av musikkvideoen.

– Merkeleg å gi frå seg kontrollen

Denne gongen tok dei steget ut av komfortsona og arbeider dei med to produsentar, ein i Stockholm og ein i København.

– Kvar gong vi har laga ei plate har vi gjort det annleis enn tidlegare. Vi er opptekne av utvikling. Men når du har hatt full kontroll på alt som har skjedd på dei fire siste platene, er det litt merkeleg å gje frå seg kontrollen, sjølv om vi bestemmer til slutt

Likevel er dei strålande nøgde, både med arbeidsprosessen og med resultatet. Dei har jobba med «Told You» i to år.

– Vi har fått høyre refrenget er veldig typisk oss. Men uttrykket er ganske annleis. Vi har aldri jobba med produsent før, det er alltid Thomas som har gjort det. Det kan slå begge vegar, men her har det vore full klaff, og veldig spanande og gøy, seier Weel Skram.

Sjølvie av Eva Weel Skram i studio

EVA & THE HEARTMAKER: For å henge med i musikkutviklinga slepp popduoen to singlar samstundes.

Foto: Eva Weel Skram

To singlar om gongen

Songen er allereie lista på P3, og det er den åttande gongen Eva & The Heartmaker vert lista. Til våren vert det Norges-turné og neste haust kjem eit nytt album.

– Det er absolutt Eva & The Heartmaker folk kjem til å få høyre. Vener og kjente seier dei kjenner oss igjen. Men det er ein fornya versjon. Vi kan ikkje lage dei same albuma gong på gong.

I denne omgang kjem to singlar. I tillegg til nemnde «Told You», kjem singelen «Take a ride».

– Det er ein av mine favorittar frå plata som kjem neste haust. Det er eit albumspor som kanskje hadde drukna om alt kom ut samstundes, seier Weel Skram.

For valet om å sleppe to singlar om gongen er ei tilpassing til bransjen, seier ho.

– Det er litt annleis enn før i musikkbransjen. No kan alle høyre alt på nettet. Det er fantastisk, og ein bra måte å nå ut til folk. Men når du gir ut album er det 10–12 låtar, og det kan bli mykje for folk å fordøye. Med to og to er det kanskje større interesse for å høyre på begge undervegs. Så kjem albumet.

Høyr Eva fortelje om si siste plate.