NRK Meny
Normal

NRK lagar TV-konsert med Eva Weel Skram

Det siste halvåret har vore eit musikalsk eventyr for Eva Weel Skram frå Sogndal. No skal NRK lage TV-konsert med Eva & the Heartmaker på Åmot Operagard i Gaular.

Eva Weel Skram

PÅ TV: Eva Weel Skram er ikkje ferdig på TV-ruta etter TV2-programmet «Hver gang vi møtes». No skal NRK produsere intimkonsert med sogndalsjenta.

Foto: Pressefoto

– Det er utruleg kjekt at vi har fått til dette. Vi gler oss verkeleg til å vise heile det norske folk enno meir av Eva Weel Skram. Eg trur ho fekk mange nye fans under TV-programmet "Hver gang vi møtes" i vinter. Sidan den gong har ho turnert land og strand, og spelt for tusenvis på små og store scener, seier prosjektleiar i NRK Stian Sjursen Takle.

Han håpar å kunne gi eit nært, godt og musikalsk møte til TV-sjåarar i form av ein vakker konsert i heimfylket hennar.

Operalåven som arena

Arrangørar

ARRANGØRAR: Konserten er eit samarbeid mellom Luttredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane, Rein Design og Åmot Operagard.

Foto: Pressefoto

Konserten vert arrangert fredag 23. september, og vert sendt på NRK1 seinare i haust.

Den er eit samarbeid med Rein Design, Åmot Operagard og Luttredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane.

– Å arrangere konsertar er nytt for oss. Å få gjere det på Åmot Operagard er heilt rått. Ramma rundt, med den flotte låven som arena, musikken til Eva og Thomas, kombinert med god mat og godt i glaset, kan vel ikkje bli noko anna enn ei publikumsreise gjestene vil kunne leve lenge på, seier Tore Fossen i reklamebyrået Rein Design.

Eigen Eva-meny

– Operalåven har ein unik atmosfære. Det å få fylle den med musikk frå ein av Norges mest kjære artistar synest vi er kjempe gøy, seier Steinar Sørli ved Åmot Operagard. Eva har også vore med å sett saman ein eigen middagsmeny som publikum vil få servert i forkant av konserten.

– Vi har lagt opp til ein skikkeleg intimkonsert, som også inkluderer middag. Men vi har berre 70 plassar tilgjengeleg på grunn av at NRK skal lage TV-konsert, og treng plass for å skape fine bilete, seier Steinar Sørlie.

TV-serie frå Operagarden

NRK har tidlegare også laga intimkonsert med Sigrid Moldestad på Åmot Operagard . Denne vart sendt på NRK1 i påska i fjor.

Les også: Slik laga dei Moldestad-konsert på operagarden

– Det er jo i ferd med å bli ein fin tradisjon og ein TV-serie det her, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle.

Han kan godt tenke seg å lage enno fleire konsertar i serien.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast