Det blir tradisjonell folkemusikk, musikalske uttrykk som ligg i grenseland til andre sjangrar og musikk skapt i ein smeltedigel av mange stilar og tradisjonar.
EBU-festival
At europeisk musikk står i sentrum på denne festivalen, er ein direkte følgje av at European Broadcasting Union har vald festivalen i Førde som vertskap for sin 24. EBU-festival for folkemusikk. EBU-programmet byr mellom anna på felemusikk med Norges nye folkemusikkstjerner Majorstuen, gamle balladar frå Ukraina og friske balkanrytmar.
Badenya les Frères Coulibaly er eit fyrverkeri av ei perkusjonsgruppe. Foto © Atelier Images.
Fire verdsdelar
Men festivalen byr ikkje berre på europeisk musikk. Fire verdsdelar er musikalsk representert i Førde.
Det blir tango frå Argentina, perkusjonsgruppe frå Burkina Faso, melodiøse songar frå Afghanistan og ei mannleg vokalgruppe med fleirstemt song frå Madagaskar. Årets talentprosjekt samlar musikarar frå Kina, Mali og Førde!