Våren 2003 skreiv Eurofoto under ein avtale om å overta konkurrenten Mine Bilder frå Norsk Aller, mot at Aller fekk ein eigardel på 34 prosent i Breim-selskapet.
Etterpå kravde Eurofoto avtalen oppheva fordi dei meiner at Norsk Aller ikkje oppfylte sin del. Striden hamna dermed i Oslo Tingrett i fjor haust.
Hovudaksjonær Per Svein Reed i Eurofoto seier han er skuffa over dommen.
- Vi var sikre på at vi hadde ei god sak, så slik sett er eg overraska, seier Reed til NRK Sogn og Fjordane.
Uvisst om anke
Eurofoto har enno ikkje bestemt seg for om dei vil anke dommen. Det vil Reed, styreleiaren og advokaten først ta stilling til når dei har fått lese retten si grunngjeving.
- Vi har fått medhald i nær sagt alt. Dommen er som forventa. Vi er veldig fornøgde, men ikkje overraska, seier Norsk Aller sin advokat, Marius Lysell Andersen, til avisa Firda.
Storkonsernet Norsk Aller eig mellom anna vekeblada Allers, Kvinner og Klær, Se & Hør og 20-30 andre blad og magasin.