Hopp til innhold

Eurofoto fryktar postdirektivet

Avdelingsleiar Rolf Kjetil Egge i Eurofoto fryktar følgjene dersom Norge innfører EUs postdirektiv.

Eurofoto

Eurofoto på Reed er mellom dei største aktørane på fotomarknaden i Norge.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Direktivet opnar for å sleppe til fleire aktørar innan brevpost, noko som kan føre til at mellom 110 og 130 postkontor vil måtte legge ned. Portoen er også venta å bli dyrare, medan postomberinga kan bli sjeldnare enkelte stader.

På Reed er suksessverksemda Eurofoto uvisse på kva framtid dei møter dersom EUs postdirektiv blir innførd.

- I byane er det mange som vil konkurrere om å ta seg av postomberinga. Men vi er avhengige av at tilbodet er like godt i utkantane, og det er det ingen andre enn Posten som kan ta seg av, seier avdelingsleiar Rolf Kjetil Egge til Nei til EUs medlemsavis, Standpunkt.

Avheng av stabilitet

Med sine 40 tilsette og ein omsetnad på kring 35 millionar kroner, har Eurofoto kring 15 prosent av marknaden på framkalling av digitale bilete, fotogåver og fotobøker.

Ein stor del av utsendingane til verksemda fell under konsesjonsområdet for Posten Norge.

- Vi leverer for det meste til einskildforbrukarar, og mindre til næringsliv. Dermed har vi veldig mange postleveransar, og er heilt avhengige av eit stabilt posttilbod, seier Egge til standpunkt.

Blir dyrare for mange

- Det er veldig uheldig for kundane våre dersom prisen blir differensiert mellom by og bygd. Totalprisen vil for mange kundar gå opp, og dette er eit stort minus, seier Egge.

Han fortel verksemda anten på justere prisen for dei ulike områda for å sikre inntening på kvar utsending, eller å setje ein fastpris.

- Slik at nokre kundar subsidierer andre. Dette er heilt klart ei problemstilling for oss, seier Egge.

Kravd stogga

Regjeringa har førebels utsett direktivet, men frå fleire hald, mellom anna dei posttilsette sitt fagforbund Postkom, har kravd direktivet stogga.

Erling Sande, parlamentarisk nestleiar for Senterpartiet, åtvarar mot følgjene av Postdirektivet.

- Alle som er opptekne av gode posttenester i Norge bør vere kritiske til dette. Dette handlar ikkje om å gjere posttenestene betre, men om å sende siste rest av posten ut på anbod, seier han til Standpunkt.