NRK Meny
Normal

Sakna 18-åring funnen i god behald

Den sakna 18-åringen som var sakna frå Lærdalsøyri blei rett før midnatt funnen i god behald.

Lærdalsøyri

SAKNA FRÅ ØYRI: 18-åringen var sakna frå familien han besøkte på Lærdalsøyri.

Foto: arkiv / NRK

Det var Sogn Avis som først gjekk ut med saknameldinga laurdag kveld, og politiet stadfestar for NRK at den den 18 år gamle ungdomen var sakna.

– Vi har brukt dagen til å nøste i trådar, men vi veit førebels lite om kva som kan ha skjedd, sa operasjonsleiar Odd Arve Solvåg til NRK.no ved 22.30-tida.

18-åringen er ikkje busett på Lærdalsøyri, men var på besøk hos tanta si då han forsvann. Familien melde frå til politiet og dei gjekk saman ut med ei etterlysing etter den sakna no i kveld.

Han har budd med familien i Stavanger, men har den siste tida gått på skule på Voss.

Politiet vurderte fortløpande å setje i gong ein leiteaksjon, men dei hadde få eller ingen spor å gå etter.

– Vi ber alle som kan ha informasjon om den sakna om å melde frå til politiet så snart som råd er, oppmoda operasjonsleiar Solvåg.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser