NRK Meny
Normal

Møtte ikkje til soning i heimlandet - fengsla for fire veker etter nye lovbrot i Florø

Politiet fekk i Fjordane tingrett i dag medhald i kravet om fire veker varetektsfengsling for to av mennene som i helga vart pågripne for grovt tjuveri og biltjuveri i Florø.

Fjordane tingrett

FENGSLA: Tre menn vart pågripne etter tjuveria i Florø i helga. I dag blir to av dei framstilt for varetektsfengsling.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Den eldste, ein mann i 40-åra, er etterlyst i Polen etter at han ikkje møtte til soning av ein to år lang fengselsstraff for vinningsbrotsverk.

– Mannen er kravd utlevert av heimlandet for ein eldre dom han ikkje har sona, seier politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes til NRK.no.

Håpar på rask avgjerd

Politiet fekk òg medhald i fire veker varetektsfengsling for den andre mannen som vart pågripen i helga. Vedkommande er i 30-åra. Politiet håpar å få saka raskt avgjort før dei prøver å få han utvist frå landet.

– Vi fryktar at han vil reise frå landet, seier Førde Refsnes.

Ein tredje mann, ein gut i slutten av tenåra, var ikkje delaktig i tjuveria i helga, men er sikta for heleri. Han returnerer til heimlandet, truleg i dag.

Erkjende innbrot

Politiadvokaten fortel at mennene har forklart seg om og erkjent lovbrota i helga. Mennene tok seg inn i ein bustad i Industrivegen, der dei tok bilnøklar, mobiltelefonar og brennevin.

Ekteparet Jørgen og Kirsten Willis vakna då bilen rulla ut av garasjen. Bilen vart noko seinare funne att utanfor sentrum.

– Det er klart, ein kjenner seg jo litt skjelven. Det er litt ekkelt at folk kjem seg inn i huset på den måten, sa Kirsten Willis til NRK laurdag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå