Hopp til innhold

Etterlyst etter overgrepsforsøk

Ein mann er no etterlyst av politiet etter at han skal ha prøvd å oppnå seksuell kontakt med to mindreårige gutar i Skjolden i Luster.

Det var ved Fjordstova i Skjolden fredag ettermiddag at hendinga skal ha funne stad. Operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Odd Arve Solvåg seier mannen skal vere rundt 40 år gammal.

- I tillegg var han rundt 175 centimeter høg, hadde på seg ein mørk gensar eller vindjakke, lys caps og dongeribukse, seier Solvåg.

Tilbakehaldne

Utover dette er politiet svært sparsame med opplysningar om saka, men politiet ynskjer no tips frå publikum.

- Er det nokon som kan ha sett denne personen ber vi dei ta kontakt med politiet. På grunn av den vidare etterforskinga  ynskjer vi ikkje å gå ut med fleire detaljar i saka, seier Solvåg.

Vurderer overvaking

Styreleiar ved fjordstova, Anders Bolstad, seier dei no vurderer tiltak for at slike ting ikkje skal skje igjen.

- Vi må vurdere om vi skal setje opp overvakingskamera, seier han.

Det var fredag ettermiddag at dei to gutane var å bada ved fjordstova. Ifølgje Bolstad var dei på veg inn i garderoben då det kom ein mann som er rundt 40 år bort til dei, og prøvde å få dei med inn i badstua. Men Bolstad seier gutane til alt hell ikkje vart med mannen som truleg er turist.

- Overraskande

Ifølgje Bolstad er det mykje som tyder på at han også har vore andre stader. Han seier bygdefolket er forundra over det som skjedde.

- Dei blir arge for at slikt kan skje. Vi har aldri hatt noko slikt her, så dette kom overraskande på oss, seier han.