Hopp til innhold

Etterlyser Volvo etter «lamnapping»

– Lammet vart kasta levande inn i bilen, og så tok bilen av garde. Slik skildrar politiet det noko spesielle tjuveriet.

politi

KIDNAPPING: Lamnapping, eller kidnapping av lam er det som står på agendaen for politiet i Gulen og Masfjorden denne fredag ettermiddagen.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Bernhard Krokås (57) har jobba i over 30 år i politiet, men har aldri tidlegare vore med på at folk har vore vitne til slike spesielle tjuveri.

– Vi fekk melding om at nokon hadde sett eit lam bli kasta inn i ein kvit Volvo stasjonsvogn.

– Det var rett og slett ei «lamnapping», eller kidnapping av eit lam, seier Krokås til NRK.no.

- Som sokke i jorda

Då NRK snakka med politiførstebetjenten litt over klokka 14 hadde politiet nettopp kome tilbake på kontoret. Etter at meldinga kom inn i ettermiddag reiste dei straks ut for å sjå etter bilen.

– Vi rykte ut umiddelbart, men både lam og bil og alt saman var som sokke i jorda, seier Krokås.

Tjuveriet av lammet skjedde på Mjømna i Gulen kommune, og bilen skal ha forsvunne i retning Sløvåg.

– Kor bilen har forsvunne veit ingen. Men vi har etterlyst den, og vi håpar at nokon ser noko, seier politimannen.

Ikkje første gong

Etter å ha jobba i politiet sidan 1979 har Krokås opp gjennom åra fått med seg ein del liknande saker. Men aldri før har nokon faktisk sett kidnappinga.

– Det var vore mange slike opp gjennom tidene, men vi har ikkje vitne som har sett at det har blitt gjort, seier han.

– Vi har hatt mange mistankar, dyr som har blitt vekke på beite, skot i natta, sauer med pilkar og slukar i pelsen. Så vi veit jo kva som har gått føre seg.

– Vi har og funne sauebjøller med kulehol, sauer som akkurat har overlevd, seier han.

Grillam?

Ifølgje Krokås er lammet som er stole eit ungt lam.

– Eg veit ikkje kva folk vil bruke det til, men ein kan jo tenkje grillam? Men det er ikkje store greiene seier han.

Noko vidare forklaring på kvifor folk stikk av med lam synst han er vanskeleg.

– Eg har ingen aning. Eg synst det er litt tidleg å stele det for slakt. Men kvifor dei gjer det, eg veit ikkje. Det skulle vore morosamt å vite det.

Politiet i Gulen og Masfjorden jobbar no med å finne ut kven som står bak.