Hopp til innhold

Etterlyser vitne til skadd mann

Politiet i Stryn etterlyser vitne som har sett ein mann i 50-åra som vart funnen med alvorlege skadar i Setrevegen i Stryn natt til søndag, skriv fjordingen.no. Mannen var kledd i oktoberfestkostyme. Truleg skuldast skadane eit uhell, men politiet kan heller ikkje utelukke vald. Han vart funnen av forbipasserande, og var då skadd både i fjeset og armen. Mannen ligg no på Haukeland universitetssjukehus og får behandling for skadane.