Hopp til innhold

Politiet etterlyser kvinneleg vitne etter trippeldrapet

Politiet går måndag kveld ut og etterlyser eit nytt vitne i samband med trippeldrapet i Årdal.

Trippeldrap på buss i Årdal

TRIPPELDRAP: Ein asylsøkjar frå Sør-Sudan er sikta etter trippeldrapet på Valdresekspressen 4. november.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Etterforskinga etter trippeldrapet på Valdresekspressen gjer at politiet no etterlyser ei kvinne som tok lokalbussen i Øvre Årdal 4. november klokka 17.09 til Årdalstangen.

– Det var frå strekninga Skysstasjonen i Øvre Årdal til sjukeheimen på Årdalstangen. Kvinna har truleg utanlandsk opphav, heiter det i ei melding som vart publisert på presseloggen til Sogn og Fjordane politidistrikt måndag kveld.

Mellom 25 og 40 år

Ho blir skildra til å vere gyllenbrun i huda, ikkje heilt mørk, slank, krusete kort og svart hår. Ho var ca. 25–40 år og 170 til 175 høg. Dersom ein har informasjon kan ein ta kontakt med politiet på 02800.

– Dette er eit vitne, ei dame som vi veit var på busstasjonen i Øvre Årdal om lag i den tida Valdresekspresen tok av i retning Tyin, seier regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, til NRK.no.

Veit at kvinna var der

Han held fram at dei har eit ønskje om å kome i kontakt med alle som har opphalde seg langs Valdresekspressen si reiserute frå Årdalstangen til Øvre Årdal.

– Vi veit at kvinne oppheldt seg på busstasjonen i Årdalstangen rundt klokka fem, da bussen køyrde austover. Vi har ikkje klart å komme i kontakt med henne og difor prøver vi nå gjennom media, seier Løseth.

Åge Løseth

ETTERLYSER VITNE: Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, vonar at det kvinnelege vitnet melder seg snarast.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ønskjer å vite kva ho såg

Regionlensmannen slår fast at kvinna er å rekne som eit heilt vanleg vitne i likskap med andre vitne i saka.

– Vi vet ikkje kva ho sit på av informasjon, men vi ønskjer å spørje kva ho såg og gjorde på stasjonen denne kvelden. Det er anna etterforsking som har ført oss på sporet av kvinna.

Ikkje avtala nye avhøyr

– Kva håper de at ho kan bidra med?

– Det har eg ingen kommentar til. Dersom vi får snakka med ho får vi vente på og høyre kva ho har å by på. Vi vet ikkje anna om dama enn det vi har gått ut med av skildring, slår Løseth fast.

Han legg til at det ikkje er avtala nye avhøyr med sikta.

– Tidlegare måndag fekk vi stadfesta at han ikkje er i stand til å forklare seg for politiet denne veka. Vi har framleis et håp om å få til et avhøyr så snart som mulig.