Hopp til innhold

Etterlyser vitne etter dødsulukke

Politiet ynskjer no å kome i kontakt med fleire vitne som har køyrt fylkesveg 618 i Selje, onsdag i førre veke.

Øystein Ruud

ETTERFORSKAR ULUKKA: Øystein Ruud er etterforskingsleiar ved regionkontoret til politiet i Nordfjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

To ungdomar omkom i førre veke, etter å ha køyrt av vegen ved Røyrneset og hamna i fjorden.

– Vi har no gjennomført ein del vitneavhøyr og har fått opplysningar om at bilen med dei to skal ha køyrt forbi fleire bilar onsdag kveld, og vi er interessert i å kome i kontakt med desse, seier etterforskingsleiar Øystein Ruud.

Ungdomane som er frå Florø vart meldt sakna fredag. Etter ein leiteaksjon ved fylkesveg 618 vart ungdomane funne omkomne i bilen på ni meters djupne i fjorden ved Røyrneset.

Begge var elevar ved Måløy vidaregåande skule i Vågsøy. Statens vegvesen si ulukkesgruppe gjorde i helga undersøkingar av ulukkestaden og bilen.

– Vi kan førebels ikkje seie noko om årsak til ulukka, vi avventar no blant anna rapporten frå ulukkesgruppa til Statens vegvesen, seier Ruud.

Blomster og lys

MARKERTE ULUKKESSTADEN: Vener av dei omkomne tende lys og la ned blomar på ulukkesstaden laurdag.

Foto: Silje Guddal / NRK