NRK Meny
Normal

Augevitne: – Det var ingen der for å åtvare oss

NIGARDSBREEN (NRK): Etter ei ny dødsulukke blir det etterlyst fleire tryggleikstiltak. Ein turist som var vitne til ulukka vil ha vakter som åtvarar om kor farleg breen kan vere.

Sperringar ved Nigardsbreen

VILLE HATT FOLK PÅ BREEN: Den spanske turisten Sergio De Gracia skulle gjerne sett at det var personar som kunne gitt informasjon på breen. – Eg forstår at det var ein spesiell situasjon, men i går hadde det vore nødvendig med folk der, meiner han. Bilete er teke kort tid før isblokka losna.

Foto: Sergio de Gracia

Sergio de Gracia

KAOS: Sergio de Gracia fortel om ein kaotisk situasjon då fleire personar hamna i elva. Biletet er teke før ulukka.

Foto: privat

– Det var for lite skilting. Kanskje andre såg skilta, men eg var ikkje merksam på dei. Og det var ingen personar der for å åtvare oss, seier spanske Sergio de Gracia.

Han var søndag ein av fleire turistar som var innanfor sperringane ved Nigardsbreen i Luster. Då ei isblokk losna frå brefronten laga den ei stor bølgje i elva, og de Gracia såg tre andre bli tekne av vassmassane. Ein av dei vart seinare funnen omkomen.

Det er sett opp sperringar og skilt som åtvarar turistar om å gå for nær fronten av breen . de Gracia seier han ikkje visste at han hadde hamna innanfor desse sperringane.

– Eg var ikkje klar over farane. Det var stader der sperringane var opne, det var iallfall slik eg forstod det. Eg såg andre passere sperringane, og trudde det var ok, seier han.

Konstituert lensmann i Sogn, Magne Knudsen, seier måndag at dei ikkje har opplysningar om at det skal ha vore noko gale med sperringane.

Fareskilt ved Nigardsbreen

SKILT OG SPERRINGAR: Etter dødsulukka i 2014 vart sperretau bytta ut med sperrekjettingar. Også skilta er forbetra. SNO, kommunen og politiet samarbeider om å kontrollere at sperringane og skilta står slik dei skal. Biletet er teke 1. juni i år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Har halvert talet redningsaksjonar

Rolf Bøen, Odda kommune

VELLUKKA: Fjellvaktordninga ved Trolltunga har gjort til at blant anna turistar som heilt tydeleg ikkje er i stand til å klare turen har blitt stoppa, seier dagleg leiar i Trolltunga AS, Roar Bøen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Forsterka vakthald er blant tiltaka som kan settast i verk ved Nigardsbreen. Ved reiselivsikonet Trolltunga i Odda, har folk som er fysisk utplassert hatt stor effekt.

Fjellvaktordninga blei innført i fjor etter at det året før var 42 redningsaksjonar ved det populære reisemålet. Vaktene går langs stien heile døgnet, observerer og hjelper turistane, fortel dagleg leiar i Trolltunga AS, Rolf Bøen.

– I fjor var det ein reduksjon på 50 prosent på tal utrykkingar. I år har det vore fire aksjonar, som ikkje har vore veldig alvorlege.

Luster-ordførar Ivar Kvalen meiner dei to reisemåla ikkje er heilt samanliknbare. Så langt har kommunen, Statens naturoppsyn, politiet og breførarane konkludert med at sperringar og skilt er godt nok.

Ordfører Ivar Kvalen (Sp) i Luster kommune

FÅR INFORMASJON: – Det er eit prinsipp i Noreg at folk bevegar seg fritt i norsk natur, men har sjølvstendig ansvar for å ta innover seg det dei gjer, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK
Anne Rudsengen

MÅ DISKUTERE: Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn (SNO) seier vakthald og andre tiltak no vil bli diskutert saman med kommunen, politiet og reiselivsaktørane i området.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Lensmann Magne Knudsen

KAN IKKJE HA VAKTHALD 24/7: Konstituert lensmann i Sogn, Magne Knudsen, er i utgangspunktet skeptisk til ei ordning som vil medføre vakthald døgnet rundt ved Nigardsbreen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det går tydeleg fram at å krysse sperringane og gå inn til brefoten medfører stor risiko. Vi bør kunne rekne med at det er eit tilstrekkeleg sikringstiltak i utgangspunktet.

Ordføraren skal no møte dei andre aktørane for å diskutere om dei kan gjere meir for å hindre at folk går for nær.

– Vakter som står permanent vil kanskje betre tryggleiken noko. Men då er vi tilbake til kostnader, og kven som skal ha ansvaret.

Må vurdere tiltak

Heller ikkje Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn utelukkar at dei kan kome til å forsterke tryggleikstiltaka ved breen.

– Ved Trolltunga og Besseggen har dei folk som patruljerer. At det er mogleg, skal vi ikkje sjå vekk frå, iallfall i høgsesongen. Men kva konklusjonen blir, veit eg ikkje no.

Konstituert lensmann i Sogn, Magne Knudsen, er tvilande til ei ordning med vakter ved breen.

– Det kan hjelpe, men det er ein kostnad ved det. Eg trur kommunen har gjort det dei må for å informere om at dette er farleg.

Vegopning på Bergum i Førde kommune