Dei stadfestar at Slåtten har vore utsett for vald, men at dei ikkje har funne noko drapsvåpen og det heller vert ikkje leita etter noko våpen. Lensmann Kjell Fonn vil gjerne ha kontakt med personar som kan ha vore i området.
Tips om to personar
Etter å ha fått inn ein del tips er politiet interessert i å få kontakt med ei mørkkledd kvinne som søndagsmorgon kom ut i Angedalsvegen frå Smestad. Dei vil også komme i kontakt med ein person som er observert ved Fossabrua. Personen kom frå Slåtten-området, og sykla mot sentrum på Angedalsvegen. Vedkommande hadde på seg mørke kle og hette på hovudet.
Lensmannen understrekar at dei er interessert i å komme i kontakt med personane som vitne.