Hopp til innhold

Politiet etterlyser førar av svart BMW - kan sitje på viktig informasjon

Politiet etterlyser no føraren av ein svart BMW 5-serie i samband med trippeldrapet i Årdal. Bilføraren kan sitje med viktig informasjon.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

ETTERLYSER VITNE: Politiet etterlyser no ein bilførarar som kan sitje med informasjon om det som skjedde på fjellet mellom Øvre Årdal og Tyin.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

I samband med politiet sin pressekonferanse i Florø tysdag ettermiddag, gjekk dei også ut med etterlysing av eit vitne dei no på det sterkaste ønskjer kontakt med.

– Politiet ønskjer å kome i kontakt med ein sjåfør av ein BMW type 5-serie. I følgje vitneopplysningar køyrde den eit stykke bak Valdresekspressen opp bakkane frå Øvre Årdal, sa politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes.

Møtte BMW i bakkane opp

I følgje politiet har ein lastebilsjfåfør på veg nedover mot Øvre Årdal, som har forklart at han la seg ut til sida då han møtte Valdresespressen.

– Han møtte då denne BMWen like etterpå. Difor ønskjer politiet å kome i kontakt med denne sjåføren som møtte ein lastebil i den siste skarpe svingen opp frå Øvre Årdal, sa Førde Refsnes.

Kan ha viktig informasjon

På eit eller anna tidspunkt går politiet utfrå at han har køyrd forbi bussen og han kan ha viktige opplysningar for politiet.

– Vi ønskjer som sagt å kome i kontakt med vedkomande og vi ber om at tips kan ringast inn til politiet i Sogn og Fjordane på 57 75 88 00.

Jørn Lasse Førde Refsnes

VIL HA KONTAKT: Jørn Lasse Førde Refsnes ber førar av BMW om å ta kontakt snarast.

Foto: Truls Kleiven / NRK