Hopp til innhold

Etterlyser OPS-prosjekt på Vestlandet

Jenny Følling (Sp) er skuffa over at det sentrale Vestlandet ikkje er med i Regjeringa si nye storsatsing på vegnettet. – Det er ein oppstartsportefølje som ligg inne no, svarar Bjørn Lødemel (H).

Jenny Følling

A-LAG: Fylkesvaraordførar, og leiar i Stamvegutvalet i fylket, Jenny Følling (Sp), fryktar at ho ser konturane av eit «A-lag» i den nye vegsatsinga. – Der dei mest lønnsame og dei ein har kapital til å løyse blir plukka fram. Så blir andre prosjekt ståande litt på vent, seier ho.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Regjeringa og samarbeidspartia presenterte i går det nye vegselskapet som skal planlegge, bygge, drifte og vedlikehalde vegar for 130 milliardar kroner dei kommande 20 åra .

At ingen av dei sju utvalde vegstrekkjene er på det sentrale Vestlandet, skuffar fylkesvaraordførar og leiar i Stamvegutvalet i fylket, Jenny Følling (Sp).

– Her skjer det så mykje anna verdiskaping som olje, gass, fisk, landbruksressursar og ikkje minst industri, som krev stort transportbehov, seier Følling.

«Meir veg for pengane»

« Meir veg for pengane » er slagordet for regjeringa si nye samferdslepolitiske storsatsing.

Nytt veisleskap

PRESENTERTE: Dei fire samarbeidspartia presenterte nytt vegselskap. Frå venstre: Abid Raja (V), Hans Fredrik Grøvan (KrF), Linda Hofstad Helleland (H) og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Foto: Simon Solheim / NRK

Gjennom offentleg og privat samarbeid, sokalla OPS-finansiering, håpar regjeringa på meir langsiktig satsing. Og å unngå at store vegprosjekt blir delt opp i små parsellar, med årlege dragkampar om løyvingane i Stortinget.

– Det har vore ein diskusjon om kor mykje pengar vi brukar på veg, men veldig sjeldan om korleis vi brukar pengane, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Skulle løyse prosjekt

Men Følling er lite imponert over satsinga som vart presentert tysdag.

OPS2

– Eg vil vel seie at distriktsrepresentantane på Vestlandet må ha tapt når ikkje eit einaste prosjekt er kome med. Eg har høyrt Bjørn Lødemel har sett sin lit til dette nye vegselskapet som skulle løyse ein del samferdsleprosjekt, seier Sp-politikaren.

Avviser kritikk

Bjørn Lødemel

OPPSTART: Bjørn Lødemel (H) seier fleire vegprosjekt vil bli vurderte opp mot det nye den nye vegsatsinga til regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) avviser kritikken frå Følling. Han viser til at regjeringa presenterte det nye systemet og ein «oppstartsportefølje».

Han konstaterer også at prosjekta som er med, er avgrensa til firefeltsvegar inn mot dei større byane. Og minner om at systemet kjem i tillegg til den ordinære vegbygginga.

– Vi har fått på plass eit nytt system som skal føre til meir vegbygging, både i distrikta i vårt fylket og andre stader. OPS og vegselskap er noko regjeringa har gått til val på og no leverer vi systemet og reiskapen, seier han.

E39 kan vere aktuelt

– Er det ikkje viktige vegprosjekt i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal?

– Jau, det er veldig mange viktige vegprosjekt og det er slikt vi skal jobbe vidare med å få på plass og vurdert. For vår del står det at E39 kan vere aktuelt OPS-prosjekt.

Medan Lødemel gler seg over auka ramme til vegbygging, minner Følling om at vegutbygging også er politikk..

– Det må også skje utanfor dei folkerike områda og store byane. E39 langs vestlandskysten er ei viktig transportåret, og eit prioritert område i nasjonal transportplan som må sikrast ei rask framdrift.

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang i Venstre peikar på at det er veganlegg der planlegginga er komen langt som har kome med i det nye vegselskapet.

– Når planlegginga er komen langt nok i E39-prosjekta vil det vere naturleg at dei kan gå inn i selskapet.

Ho seier at fleire prosjekt på Vestlandet vil vere aktuelle for den nye OPS-strategien.

– Det er positivt at Jenny Følling pg Sp endeleg er opne for nye løysingar i transportpolitikken. Dei grepa samarbeidspartia gjer no aukar satsinga på infrastruktur til eit nytt nivå som ikkje er i nærleiken av det Sp har levert, seier Berge Stang.