Hopp til innhold

– Dei burde hatt eit tak på talet båtar på fjorden

Dei mest ureinande cruiseskipa skal stengast ute frå fjordane. Men dei nye utsleppskrava bør gjelde også for gamle charterbåtar og rutebåtar, meiner både hamnesjef og Bellona.

Sandra Nekkøy i The Fjords

BURDE FINNAST EIT TAK: Administrativ leiar i The Fjords, Sandra Nekkøy, vil ha like konkurransevilkår for dei som opererer på Nærøyfjorden.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg synest det er ganske utruleg. Me meiner at det bør vere krav til konsesjonane også til dei mindre fartøya, spesielt her på Nærøyfjorden, seier administrativ leiar i The Fjords, Sandra Nekkøy.

For å få ein endå sunnare fjord etterlyser ho eit tak på talet båtar som får trafikkere Nærøyfjorden. Og miljøkrava bør gjelde for alle, store som små.

1. mars innførte myndigheitene strengare miljøkrav til cruiseskipa som besøker verdsarvfjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Med nye krav vil innbyggjarane i Flåm og Geiranger få betre luft, og etter kvart vil dei mest forureinande skipa stengas t ute av verdsarvfjordane.

Hamnesjefen i Aurland, Jostein Lange Bergset, etterlyser også endå strengare regelverk.

– Desse krava burde gjelde alle skip, ikkje berre dei over 1000 tonn. På dei lokale rute- og charterfartøya så burde det bli sett krav om nullutslepp der det er teknisk mogleg, seier han.

– Det er for mange båtar på fjorden. Det fører med seg mykje problem som erosjon i strandlinja. Samstundes er det er overkapasitet på fleire av båtane.

– Jo eldre, jo betre

Hamnesjef i Aurland Jostein Lange Bergset

KRAV: Hamnesjefen i Aurland, Jostein Lange Bergset, etterlyser endå strengare regelverk enn dei som vart innførte 1. mars.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Det er fylkeskommunen som gir løyve til å frakte passasjerar på verdsarvfjorden.

– Det ser ut som fylket gir konsesjon så lenge båten flyt. Jo eldre, jo betre. Det må jo øydelegge litt av kvaliteten og opplevinga å tilby turistane ei gamal ferje som ikkje kan gå andre plassar, seier Jan Kjetil Paulsen, seniorrådgjevar i Bellona.

Som hamnesjefen meiner han fylkeskommunen må byrje å stille krav til dei mindre båtane i verdsarvfjorden.

– Det er eit paradoks når ein ser krava som blir stilte til dei store skipa. Då bør ein kunne snu seg rundt og få liknande krav til dei små.

Ønskjer strengare reglar

The Fjords er eit av selskapa som køyrer fleire av rutene på Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Dei nyttar seg av både gamle og nye fartøy, og skulle gjere sett at miljøkrava vart strengare.

– Vi har mange konkurrentar som køyrer med gamle og billege båtar som forureinar og slepp ut. Det er ikkje like konkurransevilkår når alle som vil får konsesjon og det ikkje blir stilt miljøkrav, seier Vidar Hauståker, konstituert dagleg leiar i the Fjords.

– Det er trist at fylkeskommunen ikkje ser at teknologien er her og tør å setje strengare krav, meiner han.

Nullutslepp i Geirangerfjorden

I Møre og Romsdal har dei varsla at ferja som går på Geirangerfjorden skal vere utsleppsfri frå 2022. Dette vart vedteke allereie i 2016.

– Utsleppa frå ferjedrifta er betydelege. I eit sårbart område, som verdsarvfjorden, er det naturleg å tenkje utsleppsreduksjon, seier Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, som deler ut løyva til båtane i Nærøyfjorden, ønskjer ikkje å stille krav om nullutslepp.

– Fylkeskommunen ser til nasjonale krav. Stiller myndigheitene strengare krav, så må operatørane tilpasse seg det. Det er ein fordel slik at ein ikkje skyver desse båtane over på eit anna område, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Båttrafikk i Flåm

FLÅM: Passasjerbåtane blir små samanlikna med cruiseskipa. Men dei er likevel ei kjelde til forureining i verdsarvfjorden.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK