Hopp til innhold

Etterlyser meir ressursar til pasientombod

Pasientombodet meiner dei treng fleire ressursar til å betre kunne løyse konfliktsaker mellom pasientar og helsetenester.

Lege

VIL IKKJE KLAGE: Pasientombodet i Sogn og Fjordane meiner at folk ikkje nyttar seg av dei rettane ein har som pasientar. No etterlyser ho ressursar til å hjelpe til med å løyse klagesaker.

Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

Pasientombod i Sogn og Fjordane Lisa Førde Refsnes var torsdag på Stortinget for å komme med høyringsinnspel til statsbudsjettet, om kva pasientomboda i distrikta treng for å kunne fungere best mogleg.

– I små lokalsamfunn må helsepersonell og pasientar forholde seg til kvarandre i kvardagen, også etter ei klagesak. Så då treng vi å gjere det så ufarleg som mogleg å klage på tenestene ein får av helsepersonell, seier pasientombodet i Sogn og Fjordane.

Ut å løyse konflikter

Lisa Førde Refsnes

PASIENTOMBOD: Lisa Førde Refsnes er pasientombod i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Når pasientar klagar på beandlinga dei får av helsetenester, kjem klagene til fylkeslegen sitt kontor. Vanlegvis går det fleire månader før ei klage blir ferdig handsama, og då får ein til slutt eit brev med eit vedtak.

Lisa Førde Refsnes, meiner dette ikkje er tilfredsstillande for verken pasienten eller helsetenestene. Ho meiner at pasientombodet kan hjelpe partane å møtast, slik at dei kan løyse problema seg imellom.

– Då må vi ha ressursar til å kunne reise ut i distrikta og bistå der konfliktene oppstår. Det tar tid og det er ressurskrevjande for oss å jobbe på dene måten, seier Refsnes.

Slik det er i dag har dei ikkje tid og pengar til å kunne følge opp klagesaker, og det meiner refsnes fører til at folk kvir seg for å nytte seg av dei rettane ein har som pasientar.

Løysinga som Refsnes ønsker, vil unngå den byråkratiske prosessen med pasientklager, og ho meiner det vil spare Fylkeslegen for mykje arbeid.

Kan ikkje love noko

Kari Kjønaas Kjos

LOVER IKKJE PENGAR: Leiar for helsekomiteen på Stortinget, Kari Kjønaas Kjos, er einig med Refsnes, men seier det er vanskeleg å finne pengane som trengs.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Leiar for helse- og omsorgskommiteen på Stortinget, Kari Kjønaas Kjos (Frp), høyrde innspelet til Refsnes, og ho er einig i at mykje kan gjerast for å betre rettane til pasientar.

– Det er innmari viktig at pårørande og brukarar skal bli høyrt, og vi har program for å støtte dei til det. Eg veit at ombodet gjer ein god jobb, og eg er opptatt av at dei skal kunne gjere denne jobben så bra som mogleg.

Likevel kan ikkje Kjos seie at dette er noko som vil bli styrka i det vidare arbeidet med budsjettet for 2017.

– Det er vanskeleg å flytte pengar og vanskeleg å få inn nye pengar, så vi må få ei semje mellom alle partia om korleis dette skal kunne dekkast inn, seier Kjos.