NRK Meny
Normal

Vanskeleg å planleggje for kommunen utan informasjon om asylmottaket

Manglande informasjon om asylmottaket i Høyanger fører til at kommunen ikkje får planlagd tenestetilboda før dei 150 asylsøkjarane kjem. Det seier både ordføraren og helse- og omsorgssjefen.

Petter Sortland

VEIT LITE: Kommunen veit enda lite om kvar alsysøkarane skal bu i kommunen, noko som gjer det vanskeleg å planleggje, seier ordførar Petter Sortland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Både kommunen og innbyggjarane stilte fleire spørsmål under folkemøtet måndag. Dei lurte mellom anna på talet på bustader som vil bli brukt til mottak, kvar i kommunen dei skal bu og kor mange som skal bu i kvar bustad. Kven som kjem og kor mange var også spørsmål som vart stilt fleire gonger.

For kommunen sin del handlar dette om å kunne planleggje, seier ordføraren.

– Både Norsk Mottaksdrift AS og UDI svarte veldig svevande på desse spørsmåla og skulle komme tilbake til dette. Dette er jo veldig viktig for oss når vi skal vere ein god vert for dei som kjem, seier ordførar i Høyanger Petter Sortland (Ap)

I går inviterte Norsk Mottaksdrift AS til folkemøte i Høyanger i samband med etablering av asylmottak i industrikommunen. Også representantar frå Utlendingsdirektoratet (UDI) var til stades.

Vil vere ein god vert

– For oss står det att å vite adressa. Vi skal registrere dei som særskilde brannobjekt, ein skal få sjekka at bustaden har den standarden som den skal ha. Dette vert jo kommunale oppgåver. Og det å då ikkje vite kor dei har adresse ein månad før asylsøkarane kjem, er ikkje noko god situasjon for kommunen, seier Sortland.

Stiller spørsmål om asylmottak under folkemøte i Høyanger der Norsk Mottaksdrift og UDI var tilstades.

MÅTTE SVARE: Mange stilte kritiske spørsmål til Norsk Mottaksdrift og UDI under folkemøtet i Høyanger.

Om ein månad skal alt vere klart for dei 150 asylsøkarar som kjem til Høyanger. Mottaket vert eit desentralisert mottak der asylsøkjarane bur i bustader rundt om i kommunen. Sjølv om kommunen og innbyggjarane no er innstilt på å ta dei imot og gjere det beste ut ifrå situasjonen, føler dei framleis at mykje ar uavklart.

– At både innbyggjarane og vi i kommunen lurer på kor asylsøkarane skal bu, trur eg ikkje kjem som noko overrasking på verken Norsk Mottaksdrift eller UDI, seier ordføraren.

– Har ein fått førespegla noko tidspunkt om når ein får vite noko meir?

– Nei, det har vi ikkje fått. UDI seier dei er usikre på kva type folk som kjem, og vi veit heller ikkje noko om kvar dei skal bu, seier han.

Umogleg å planleggje

Toril Varden, helse og omsorgssjef i kommunen, var den første til å stille spørsmål under gårsdagens folkemøte. Ho lurte spesielt på kvar i kommunen asylsøkarane skal bu, men føler ikkje at ho vart klokare.

– Vi fekk absolutt ikkje noko svar på det. For oss som driv lovpålagde tenester som skal planleggje eit tenestetilbod til folk som kjem til kommunen, så er dette ganske umogleg å planleggje skikkeleg når vi ikkje veit kor folk skal bu. Og vi vil gjerne ha eit tilbod med god kvalitet, seier Varden.

På eit møte med UDI og Norsk Mottaksdrift kom det fram at det skulle nyttast rundt 30 bustader til asylantane.

Kommunen har heller ikkje fått vite kor mange som kjem 15. november då det vert oppstart av mottaket.

– Det er jo stor skilnad for oss om de kjem 150 personar i november, eller om det kjem 10. Vi veit i grunn ingenting, seier Varden.

Ho forklarar at dei som kjem til asylmottaket har krav på ein helsekontroll i løpet av dei første to vekene. Etter samtale med fleire andre kommunar som har mottak, er dette ein helsekontroll som helsesøster og kommunelege gjer saman.

– Med ein kommune som Høyanger, som er på begge sider av fjorden og er ein langstrakt kommune, så betyr det litt for oss om folk skal bu i Høyanger tettstad eller på sørsida.

(Artikkelen held fram under biletet)

Folkemøte i Høyanger om asylmottak

MANGE MØTTE OPP: Måndag var det folkemøte og mange hadde møtt opp for å stille spørsmål til dei som driv mottaket og UDI.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Uforsvarleg kort tid

Norsk Mottaksdrift sa i går at mesteparten av asylantane skal bu i sentrum, men kommunen har enda ikkje fått noko klart svar på dette.

– Vi får ikkje noko svar på kvar folk skal bu eller kor mange som kjem. Vi veit heller ikkje kvar dei kjem ifrå. Vi får i grunn ikkje vite noko, seier Varden.

Ho påpeikar at dei har ei helseteneste dei skal tilby folk, men òg eit tilbod ifrå oppvekstsektoren. Varden meiner difor det hadde vore praktisk å vite allereie no kvar dei skal bu.

– Vi tykkjer det hadde vore godt å fått noko meir informasjon for å kunne planleggje kvalitetsmessig gode helsetenester.

Varden seier dei no er positive til å starte opp, men at det hadde vore gunstig med meir praktisk informasjon.

Sortland legg ikkje skjul på at det framleis er mykje som er uavklart. Han føler difor at planleggingshorisonten til kommunen vert altfor kort.

– Den blir uforsvarleg kort. Det har vi spelt inn til statlege myndigheiter, og håpar at dette vert ordna for seinare etableringar. Eg følte at folkemøtet ikkje gav den ønska avklaringa, og heller ikkje den forventa avklaringa, seier ordføraren.

Har meir enn nok å velje i

Per Erik Lykstad, dagleg leiar av Norsk Mottaksdrift AS vil enda ikkje seie kor mange bustader og nøyaktig kvar dei kjem enda, men seier dei har meir enn nok.

– Det er veldig mange gode, gode bustader i Høyanger. Spesielt rundt Høyanger sentrum. Så situasjonen no er at vi snart har meir enn nok bustader å velje mellom, seier Lykstad.

Lykstad vil ikkje gå inn på detaljane før fristen 15. november og vil jobbe fram mot denne datoen.

– Vi har skrive ei kontrakt med utlendingsdirektoratet om å stille 150 plassar tilgjengeleg til denne datoen. Eg vil difor bruke tida fram til det med å jobbe fram bustadene vi skal bruke i Høyanger.

Han understrekar at situasjonen i Høyanger er annleis enn det ofte er når mottak skal opprettast. Lykstad seier dei har fått så mange tilbod om bustader at problemstillinga her går på å sortere ut dei bustadane som dei vil bruke.

Minst 30 bustader

Per Erik Lykstad

MANGE BUSTADER: Per Erik Lykstad, dagleg leiar av Norsk Mottaksdrift AS vil enda ikkje seie kvar i kommunen bustadane til asylmottak kjem.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Under folkemøtet i Høyanger måndag kveld var det fleire av innbyggjarane som lurte på kor mange asylsøkarar som skulle bu i kvar bustad.

Norsk Mottaksdrift AS sa i går at ein reknar rundt 4–5 personar per bustad.

– Viss vi leiger ein einebustad med 2–3 soverom der det har budd 4–5 personar før, så skal det òg bu like mange personar der no.

– Med 150 asylsøkarar og om lag 4–5 i kvar bustad, vert det då mellom 30–40 bustader i Høyanger, stemmer det?

– Ja, faktisk er det slik. Og på andre desentraliserte mottak som vi har, til dømes på Vestre Toten, så har vi nettopp det talet bustader de nemner.

Men kommunen etterlyser meir informasjon kvar desse bustadane er.

Lykstad seier at kommunen vil få ei liste med adresser etter kvart. Dei har òg meldt inn at dei ønskjer å få desse bustadene registrert som særskilde brannobjekt.