Hopp til innhold

Politiet vil komme i kontakt med denne Tesla-føraren etter dødsulukke

Politiet ynskjer å kome i kontakt med føraren av ein kvit Tesla modell 3 etter dødsulukka i Flåm.

Kvit Tesla modell 3 som passerer like før trafikkulukkke.

ETTERLYSER: Denne bilen vart fanga av eit dashcam like før ulukka skjedde i Flåm. Politiet ynskjer å kome i kontakt med føraren.

Foto: Politiet

– Vi har fått ein videosnutt frå eit dashcam som viser ein kvit Tesla modell 3 passere på E16 i retning Flåm, kring klokka 18.35, altså like før ulukka skjedde, stadfestar tenestestadsleiar for politiet i Aurland, Knut Arne Klingenberg.

Tre bilar involverte

Knut Arne Klingenberg

TENESTESTADSLEIAR: Knut Arne Klingenberg og politiet i Aurland ynskjer framleis å kome i kontakt med bilførarar eller turgåarar som kan ha opplysningar om trafikkulukka i Flåm førre fredag.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK

Ulukka som kravde livet til ei 51 år gamal kvinne frå Flåm , skjedde berre eit minutt etter at teslaen passerte. Tre bilar var involverte i ulukka : ein grå Tesla Model S, ein blå Toyota Auris og ein grå Audi A3 Sportback e-tron.

Klingenberg presiserer at dei ikkje trur at bilen dei no etterlyser har hatt noko med ulukka å gjere.

– Bilen passerte ulukkesstaden like før ulukka skjedde. Vi ynskjer å snakke med føraren fordi vedkommande kan ha informasjon som er av interesse for politiet. Eg håpar vi får napp, og at vi kan få setje tinga i samanheng med det som skjedde, seier han.

– Ta kontakt

Videoen som politiet har fått, er ikkje av god nok kvalitet til at registreringsnummeret kjem tydeleg fram.

Det er bakgrunnen for at politiet no etterlyser bilføraren.

– Det er nok mange slike bilar i Noreg, men ikkje mange som passerte ulukkesstaden klokka 18.35 fredag 1. november. Om nokon hugsar at dei køyrde der, så er det fint om dei tek kontakt, seier Klingenberg.

Åtte har meldt seg

Ulukke i Aurland

OMKOM: Ei 51 år gamal kvinne omkom i trafikkulukka på E16 gjennom Flåm.

Foto: ARNE VEUM

Så langt har åtte personar meldt seg etter at politiet bad om tips frå folk som har gått eller køyrt E16 i Aurland i tidsrommet ulukka skjedde. Dei som har teke kontakt har køyrt forbi, eller kome til like etter ulukka.

– Dei blir avhøyrde fortløpande. Så får vi sjå kva vi får ut av det, seier Klingenberg.

Tenestestadsleiaren vil ikkje kommentere kva politiet meiner har skjedd, om det var glatt på staden eller om det har vore høg fart.

– Det er for tidleg å dra konklusjonar. Etterforskinga er i full gang, og vi ventar på rapportane til både krimteknikarar og Statens vegvesen for å sjå hendingsgangen.

Førarkortet til ein av dei involverte bilførarane er mellombels beslaglagt, førebels for brot på vegtrafikklova paragraf 3.

– Det er der vi er no, før vi får eit større bilete og eventuelt kan setje fingeren på andre ting, seier Klingenberg.