Hopp til innhold

Etterlyser hjartevarme frå Listhaug

– I staden for å bruke negative karakteristikkar på dei som hjelper folk i naud, bør Listhaug rose og oppmoda folk til å hjelpe, seier Brosvik.

Trude Brosvik avsluttande valdebatt 2015

HJARTEVARME: – Sylvi Listhaug sine karakteristikkar om godheitstyrrani er langt over streken, meiner Trude Brosvik.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette å snakke om godhetstyrrani og bere på gullstol er langt over streken. Det seier fylkesleiar i KrF i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik.

Det var i november etter at regjeringa la fram sitt flyktningbudsjett at Sylvi Listhaug (Frp) tok til orde for at folk som tar til orde for ein streng innvandringspolitikk blir framstilte som fæle, og at det er eit godheitstyrrani som rir det norske samfunnet.

Det fell KRF-leiar Trude Brosvik tung for hjartet. Særleg ettersom Listahug også gjekk til åtak på tidlegare partileiar i KRF, Kjell Magne Bondevik og Kyrkja.

– Alle bør framelske medmenneskelegheit og det at ein skal ta vare på kvarandre og ikkje gjere det til noko negativt.

– Må ta vare på menneskeverdet

Ho har liten sans for korleis Listhaug står fram som innvandringsminister, og etterlyser hjartevarme frå innvandringsministeren.

– Det er utfordrande med så mange som er på flukt, men vi må ikkje la menneskeverdet og medmenneskelegheita bli taparen, seier Brosvik.

Då Listhaug kom med karakteristikken om godheitstyrraniet kjende verken Bondevik eller representantar for Kyrkja seg råka av kritikken frå Listhaug, men peika på at Norge har humanitære tradisjonar og at Listhaug måtte tole at andre tok til motmæle.

– Klar tale frå Listhaug må Brosvik tole

Men Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Frp i fylkestinget, ber fylkesleiaren i KrF, Trude Brosvik, om å slutte å angripe Frp.

– Poenget til Listhaug var jo at viss du meiner at vi skal ha ein streng og rettferdig innvandringspolitikk så blir du stempla som slem og umenneskeleg. Det karakteriserte Listhaug som godheitstyrrani, fordi ein skal ha ein «snillisme».

Djuvik ser ingen grunn til å kritisere Listhaug sin ordbruk.

– Sylvi Listhaug snakkar på ein måte folk forstår, klart og tydeleg. Det må Trude Brosvik leve med.