Det er eit vitne som køyrde forbi skulen i Kyrkjevegen på dette tidspunktet som såg gutane. Vitnet har fortalt at dei to fikla med ein boks på veggen på den gamle skulen. Då vitnet bremsa, stoppa gutane aktiviteten.
- Vi har ikkje nokon grunn til å tru at dei heldt på med noko ulovleg, men vi i alle høve svært interesserte i at dei tek kontakt med oss, seier etterforskingsleiar Dag Øyen ved Førde og Naustdal lensmannskontor.