Hopp til innhold

Etterlyser framleis vitne

Politiet ynskjer framleis å kome i kontakt med vitne til bilulykka på E39 i Askvollkrysset seint onsdag kveld. Ein 22 år gamal mann omkom i ulykka. Lensmann Magne Faleide seier dei spesielt er interessert i ein mann med hund som gjekk i området frå ulykkesstaden og oppover. I tillegg vil dei ha kontakt med to personar som har gått frå ulykkesstaden utover Askvollvegen om lag klokka 2330 og utover.

Trafikkulukke i Førde
Foto: Alf Vidar Snæland