Hopp til innhold

Etterlyser felles aldersgrense på energidrikk

FØRDE (NRK): Matvarebutikkane har ulike reglar for sal av energidrikk. Fleire meiner dette skapar forvirring og ynskjer derfor å innføre ei aldersgrense som er felles for alle utsalsstader.

Energidrikk

YNSKJER LOVVEDTAK: Matvarebutikkane har ikkje felles reglar for aldersgrense på energidrikk.

Foto: Maja Susann Martinsen Johnsen / NRK

Matvarebutikkar som Spar og Kiwi er ein del av Norgesgruppen som i dag har anbefalt aldersgrense 14 år.

Coop og Rema 1000 har ikkje aldersgrense og kan i utgangspunktet selje energidrikk til alle. Forbrukerrådet har gjort ei undersøking der tre av fire fortel at dei ynskjer aldersgrense på energidrikk.

Like reglar for alle

Spar er ein av matvarekjedene som har alderskontroll ved sal av energidrikk. Butikksjef ved Spar Amfi Førde, Kristian Årdal, påpeikar at aldersgrensa er ei anbefaling og ikkje lovbestemt. Han meiner det er uheldig at det ikkje er noko lovverk som regulerer salet.

– Sjølv om det er alderskontroll hos enkelte matvarekjeder, er det ikkje alle som praktiserer dette like strengt, ifølge butikksjefen.

Kristian Årdal

YNSKJER REGLAR: Kristian Årdal ved Spar Amfi Førde meiner aldersgrense på energidrikk bør gjelde alle utsalsstader som sel energidrikk.

Foto: Marita Solheim / NRK

I ei undersøking frå Forbrukerrådet svarer halvparten av born og unge som har delteke at det hender dei drikk energidrikk. Det kjem også fram at born heilt ned i 10-årsalderen drikk energidrikk regelmessig.

Ole-Martin Rørvik (16) er ein av mange skuleelevar som kjøper energidrikk i matpausen.

– Eg trur aldersgrense på energidrikk er ein god idé, seier 16-åringen. Sjølv hevdar han at han ikkje kjøpte energidrikk før han starta på vidaregåande i haust. Rørvik er klar over faren med høgt koffeininntak, men har ikkje merka nokre spesielle biverknader.

Ole-Martin Rørvik

SKULEELEV: Ole-Martin Rørvik (16) drikk energidrikk eit par gonger i veka.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Myndigheitene må avgjere

Coop Mega Førde har ikkje alderskontroll, i motsetning til Spar Amfi Førde. Butikksjef Anders Kleiveland meiner at det ikkje er problematisk.

– Energidrikk er klassifisert som ei lovleg handelsvare for personar under 18 år. Vi forheld oss til det, seier han.

Kleiveland er klar over at andre matvarekjeder har alderskontroll.

Anders Kleiveland

ENERGIDRIKK TIL ALLE: Ved Coop Mega i Førde sel Anders Kleiveland og dei tilsette energidrikk til folk i alle aldrar.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Dersom ein skal byrje med begrensingar er det eit politisk spørsmål, fastslår butikksjefen. Coop sitt hovudkontor seier dei forheld seg til lovverket.

– Energidrikk har ingen aldersgrense ved kjøp og sal, fortel kommunikasjonssjef i Coop Norge, Silje Verlo Alisøy.

Rema 1000 har heller ikkje alderskontroll og støttar opp under Coop Norge sitt utsegn.

– Vårt ynskje er at myndigheitene kjem med tydelege retningslinjer, slik at heile bransjen har ein felles plattform, skriv kommunikasjonsdirektør i Rema 1000, Mette Fossum i ein e-post til NRK.

Ynskjer ikkje aldersgrense

Direktør i Bryggeri- og Drikkevareforeningen, Petter Nome er i mot aldersgrense på energidrikk. Han synest likevel det skapar forvirring med ulike reglar hos butikkane.

Petter Nome

I MOT ALDERSGRENSE: Petter Nome i Bryggeri- og Drikkevareforeningen vil ikkje ha aldersgrense på energidrikk.

Foto: Bryggeri- og Drikkevareforeningen

– Dersom nokon ikkje får kjøpe energidrikk på Kiwi, så går dei på Rema. Dei får tak i det uansett, meiner Nome.

Direktøren peikar på at det er høgare koffeininnhald i kaffi.

– Ingen snakkar om å innføre aldersgrense på å kjøpe kaffi, seier han spøkefullt.

Koffeininnhold i drikker

Drikk

Koffein per desiliter

Koke- og filterkaffe

50-60 mg

Energidrikker

ca. 32 mg

Espresso

ca. 120 mg

Te

ca. 26 mg

Cola og andre leskedrikker

ca. 15 mg

Kilde: Mattilsynet

I starten av februar la Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) fram ein rapport om born og unges konsum av energidrikk.

– Mattilsynet har motteke ei risikovurdering frå VKM som seier at born og unge som drikk energidrikk kan få søvnproblem og oppleve angst, uro og hjarteklapp. Faren for negative helseeffektar vert påverka av kroppsvekt og mengde koffein, seier Merethe Steen til NRK.

Bryggeri- og Drikkevareforeningen er nøgd med resultatet som kjem fram i rapporten.

– Den bekreftar at stort inntak av koffein ikkje er bra for nokon av oss, fortel Nome.

Tåler mindre koffein

Høgt koffeininnhald har ført til at nokre land har innført aldersgrense på energidrikk.
Fleire butikkjeder i England har sett grensa til 16 år. Fagdirektør i Forbrukerrådet, Gunstein Instefjord, håpar Noreg også vil innføre ei lovbestemt aldersgrense.

Gunstein Instefjord

MARKNADSFØRING: Gunstein Instefjord i Forbrukerrådet trur reklame i større grad enn tidlegare påverkar ungdommar til å kjøpe energidrikk.

Foto: Forbrukerrådet

– Energidrikk er ikkje meint for born og unge, seier Instefjord.

Fagdirektøren meiner alderskontroll er eit signal om at mange ynskjer at energidrikk ikkje skal vere tilgjengeleg for born.

– Koffeininnhald er vår hovudbekymring, seier fagdirektøren og legg til at born tåler mindre koffein enn vaksne.

Butikksjefane Årdal og Kleiveland meiner foreldra må snakke med borna og prøve å passe på kva dei kjøper.

– Det er ikkje enkelt for foreldre å følgje med. Skuleelevar kan kjøpe energidrikk i skuletida, seier Kleiveland.

Stor salsauke

Salstala på energidrikk aukar. Statistikk frå Bryggeri- og Drikkevareforeningen viser ein enorm vekst frå januar 2018 til 2019.

Omsetning av energidrikk

MILLIONAUKE: Salstala på energidrikk har auka med heile 70 prosent det siste året.

Foto: Bryggeri- og Drikkevareforeningen

– Vi sel generelt meir drikkevarer, seier Årdal. Han legg til at det er enkelt å sjå ut i frå kor mykje hylleplass varene tar i butikken.

Ifølge Forbrukerrådet ynskjer fleirtalet at energidrikk ikkje bør stå i lag med brus i butikken. Seks av ti meiner det bør plasserast saman med øl og alkoholhaldig drikke.

– Dersom ein plasserer energidrikk saman med alkohol er det eit eige rom. Det vil ikkje vere bra å samanlikne med alkoholhaldig drikk, meiner Årdal.

Kleiveland ved Coop Mega trur plassering er avgjerande.

– Det kan vere fristande for ungdommar å kjøpe energidrikk i staden for brus, seier han.

Mattilsynet anbefaler ikkje ei lovpålagt aldersgrense, men seier det kan bli vurdert på eit seinare tidspunkt dersom forbruket av energidrikk held fram med å auke.