Hopp til innhold

Fotballkrinsen vil ha meir breiddesatsing i Florø

Med sju 17-åringar på laget slo Florø eliteserielaget Sogndal ut av NM-cupen. No etterlyser fotballkrinsen breiddesatsing hos cup-askeladden.

Jan Tore Jåstad

ETTERLYSER: Spelarutviklar Jan Tore Jåstad let seg imponere av talentutviklinga til Florø Sportsklubb, men etterlyser høgare prioritering av breiddesatsinga.

Foto: Stig Høynes

Florø Sportsklubb har kring 50 aktive fotballag. Til samanlikning har erkerival Førde kring dobbelt så mange lag. Sjølv om kommunane har på lag like mange innbyggjarar.

Frå tribunen på Florø stadion lot Jan Tore Jåstad, spelarutviklar i fotballkrinsen, seg imponere av prestasjonane i cupen tysdag. Samstundes etterlyser han meir breiddesatsing i kystbyen.

– Talas klare tale seier at dei ikkje rekrutterer nok spelarar i seks-sju-åtte års alderssegmentet. Tal lag er ikkje der ein ynskjer skal vere, seier Jåstad.

– Svært gode, men ...

Florø har dei siste åra fått fram ei lang rekkje talentfulle spelarar. Mellom anna blir naustedølen Jakob Storevik Rosenborg-spelar, medan brørne Stefan og Peter Aase blir å finne i eliteserien med Sogndal frå hausten av. I tillegg har også fleire spelarar vore i søkelyset til klubbar høgare opp i systemet.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Heilt sidan dagens seniorspelarar i FSK var 10–12 år gamle, har dei hatt høge treningsmengder. Det har også resultert i fleire gode år i aldersfastlagde klassar.

Jåstad roser FSK for eit svært godt tilbod, med dyktige trenarar, for dei mest treningsviljuge, men meiner dette ikkje må gå på kostnad av breiddesatsinga.

– Det må gå an å ha to tankar samstundes i hovudet, seier han.

Dugnadsbasert

– Det er openbart at dersom ein ser grundigare på materien, så har Florø utfordringar på miniputtalder. Og spesielt på med å få opp rekruttering og aktivitetsutvikling på jentesida, legg Jåstad til.

Breiddefotballen skal være inkluderande og gje tilbod til alle og einkvar.

Sogn og Fjordane Fotballkrets

Balansegang mellom talentutvikling og breiddesatsing er ei kjent problemstilling for dei fleste fotballklubbar i fylket.

Terje Rognsø

VEDGÅR: A-lagstrenaren til FSK, Terje Rognsø.

Foto: Alf Vidar Snæland/NRK

Florø-trenar Terje Rognsø innser at klubben kunne vore betre på breiddefotball.

– Men vi kan ikkje velje å gje dårlegare tilbod til dei som vil, fordi at vi kanskje skal ha med fleire. Det vi må prøve på er å få fleire trenarar som også vil trene breiddelag og det er ikkje alltid like lett. Vi er ein klubb som er 100 prosent dugnadsbasert og avheng av å ha folk som stiller opp, seier han.

Avviser kritikken

Arild Melvær, styreleiar i fotballgruppa til FSK, avviser på si side at breiddefotballen blir nedprioritert.

  • Kva meiner du om problemstillingane knytt til spelarutvikling og breiddesatsing i idretten? Sei di meining nest i saka.

– Det er ein myte som er heilt feil. Vi gir tilbod til alle som vil spele fotball, og gir normalt tilbod med to til tre treningar i veka alt etter kva alder dei er i. Det som er spesielt for oss er at vi gir ekstratilbod til dei som vil, der dei trenar tre-fire-fem gonger meir enn med dei ordinære laga, seier Melvær.

(Artikkelen held fram under TV-klippet)

Video Cup-bombe!

SJÅ: Måla som avgjorde cupoppgjeret mellom Florø og Sogndal.

Må ha gode planar

Frå spelarutviklar Jåstad i fotballkrinsen får Florø følgjande råd for korleis breiddefotballen skal få høgare prioritering i kystbyen.

– Ein må ha klar strategi og klare planer om korleis rekruttere inn førsteklassingane. «Kva gjer vi for å få i gang jentene våre», «kva gjer vi for å få tak på seks-sju-åringane», seier han.