Hopp til innhold

Har du ei bok om jølstringar skriven i 1914 og så lagt i eit skrin som skulle opnast i år?

Har du ei bok skriven i 1914 om framståande jølstringar liggande på loftet? Eit brev som kunstnaren Nikolai Astrup skreiv i 1926 eller 1927 tyder på at det skal eksistere ei slik bok.

Montasje

Stipendiat Tove Kårstad Haugsbø fann i eit brev frå Nikolai Astrup (sjølvportrett) opplysingar om ei bok som skal ha vore skriven i 1914.

Ifylgje brevet Astrup skreiv skulle boka leggast i eit forsegla skrin som ikkje skulle opnast før i 2014. (Han skreiv 1914, men meinte 2014, for i brevet står det at skrinet skal «aabnes om 100 aar».

Det var stipendiat Tove Kårstad Haugsbø som kom over brevet. Ho held på med ei doktoravhandling – «Fortida gjennom notida: nye perspektiv i forskinga av Nikolai Astrups kunst».

I dette arbeidet har ho leita fram mange brev både til og frå Nikolai Astrup.

– Det er faktisk nokre år sidan no, eg var på Nasjonalbiblioteket. Der las eg på mikrofilm ein brevkladd som Astrup hadde skrive til Magnhild Ødvin. Ho hadde planar om å gje ut bok om kunstnaren.

Anton Fond skal ha skrive om han

Brevet er langt, Astrup skreiv ei liste over sine eigne måleri.

– Han lista faktisk opp 101 måleri. I tillegg nemner han denne boka som visstnok skal ha blitt laga i Jølster i 1914. Truleg er det Magnhild Ødvin som har bede om tips om til folk som kunne fortelje meir om han som kunstnar og person.

Astrup tipsa i brevet om Anton Fond, som skulle ha skrive kapittelet om Astrup i den boka.

Dette ligg litt på sida av arbeidet til Tove Kårstad Haugsbø, men ho er likevel svært spent på om nokon skulle finne ei slik bok.

Grete Skår Sunde

HEIV SEG PÅ TELEFONEN: Bibliotekar Grete Skår Sunde i Jølster vil gjerne finne ut om det finst ei bok frå 1914.

Foto: privat foto

– Eg merka meg dette med ein gong, for eg synest det er spennande, og eg er litt spent no i 2014 på om boka faktisk dukkar opp. Eg har ikkje leita aktivt for å finne fleire referansar, men samstundes har eg hatt det litt i bakhovudet.

Sette i gang detektivarbeid

Ho fortalde om brevet til bibliotekar Grete Skår Sunde i Jølster, og i henne vakna detektiven. I brevet skreiv Astrup at «naar alt materiale da var indkommet til lensmannen skulde det lægges i en forseglet metalboks og oppbevares uåbnet i bygdens bank til 1914.» - (her meiner Astrup truleg 2014).

– Eg heiv meg på telefonen til banken for å høyre om boka kunne finnast i ein bankboks.

I 1914 heldt dåverande Jølster Sparebank til i Årdal, sidan er banken flytta og er no ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Men dei fann ikkje noko, og det høyrest ut som dei har gode rutinar med flytting av bankboksar og slikt. Så ringde eg til lensmannen, og dei har heller ikkje funne noko til no. Men eg har ikkje heilt gitt opp håpet om at boka kan vere der, seier Grete Skår Sunde.

Tove Kårstad Haugsbø

– SPENNANDE! Tove Kårstad Haugsbø er svært spent på om boka finst.

Håpar folk leitar på lofta

Men ho ser heller ikkje bort frå at boka kan vere teken vare på andre stader.

– Det kan kanskje ligge på eit loft ein stad, det kan vere nokon som har arbeidd i banken eller på lensmannskontoret som har hatt det liggande. Det veit vi ikkje, og vi veit ikkje om boka finst heller, men vi prøver å etterlyse ho.

I kyrkjelydsbladet «Hyrdingrøysta» er det ein artikkel om brevet frå Astrup, og som ho håpar kan få folk til å ta del i leitinga.

– Det hadde iallfall vore moro om vi hadde funne boka.

Tove Kårstad Haugsbø håpar også at boka finst, og at nokon har teke vare på ho, slik at ho kjem fram i lyset i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova.

– Ja, det hadde vore utruleg gøy, og det hadde vore rikt for Jølster å få ei bok som vart skriven i 1914 og som handlar om alle dei store menn og kvinner i Jølster opp gjennom tidene.