NRK Meny
Normal

Kunne ha vore på plass tidlegare

BRINGELAND (NRK): Medan dette helikopteret er på service sit over 5000 menneske isolert i dagevis i Årdal. Helikopterselskapet etterlyser ein beredskapsavtale med Statens vegvesen.

Obelix, Super Pumaen til Airlift

PÅ SERVICE: Her står Super Pumaen Obelix. Det er det einaste helikopteret i Noreg som kan løfte så tunge lass som trengst for å spyle rein fjellsida etter raset i Årdal.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Hadde vi hatt ein beredskapsavtale med vegvesenet, kunne vi ha sett inn betydeleg meir ressursar og vore meir budde på slike situasjonar, seier driftsdirektør i helikopterselskapet Airlift, Børre Eimhjellen.

Børre Eimhjellen i Airlift

STÅR PÅ: Driftsdirektør i helikopterselskapet Airlift, Børre Eimhjellen, seier dei jobbar intenst for å få helikopteret Obelix klart så fort som råd etter at eit ras har stengt fv. 53 inn til Årdal.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Sidan torsdag har fylkesveg 53 inn til Årdal vore stengd av eit stort steinras. Søndag føremiddag vart den einaste omkøyringsvegen, Årdal-Tyin, også stengd.

Unikt helikopter

Før vegvesenet får kome skikkeleg i gang med å rydde vekk raset må dei reinske ut lausmassar i fjellsida over raset. Då treng dei eit kraftig helikopter som kan løfte over 3000 liter vatn. Det finst berre eit slikt helikopter i Noreg. Det er av typen Super Puma og heiter Obelix. Vanlege løftehelikopter kan løfte rundt eitt tonn. Dette helikopteret kan gjere løft på nær 4 tonn.

– Per i dag er dette det einaste helikopteret i Noreg som kan gjere så tunge løft. Dette er også eit av svært få slike helikopter i Nord Europa, seier Børre Eimhjellen i Airlift.

Airlift Obelix

UNIKT: Dette helikopteret kan løfte nær 4 tonn og er det einaste av sitt slag i Noreg.

Foto: Airlift

Bli for dyrt

Eimhjellen seier at døra står open om Statens vegvesen ønskjer å betre beredskapen. Vegvesenet trur på si side at ein slik avtale vil bli for kostbar.

– Det er ikkje så ofte vi har bruk for så store helikopter som dette. Ein beredskapsavtale vil ta av midlar vi treng til å førebygge hendingar på vegane, seier avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden.

Svenn Egil Finden, Statens vegvesen

KOSTBAR: Avdelingsdirektør for vegavdelinga til Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden trur ein beredskapsavtale med Airlift vil bli for dyr for dei.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Han vedgår at det betyr at dei ikkje alltid får opna vegar så raskt som mange skulle ønskje. Samtidig meiner han at det er svært sjeldan at ein vil ha behov for eit slikt helikopter.

– Eg er ikkje kjent med at vi har hatt behov for denne typen helikopter ved ras tidlegare. Vanlegvis er det vêrsituasjonen som stoggar oss frå å få gjort jobben vår. Denne gongen har vi bruk for dette helikopteret, og så er det sånn at dette no tilfeldigvis er inne til sørvis, seier Finden.

Kan ikkje love at dei vil stille opp i framtida

Etter planen skal helikopteret Obelix bli ferdig på service i løpet av dagen i dag og setjast i jobb med spyling av fjellsida i Årdal frå i morgon tidleg klokka 09.30. Vegvesenet håper at vegen kan bli klar til opning førstkomande fredag.

Børre Eimhjellen i Airlift seier dei ikkje kan love at dei vil fortsette å tilby slike helikoptertenester.

– Det er ikkje gitt at vi klarer å få god butikk ut av halde eit helikopter av denne typen her til lands. Vi får ganske få oppdrag og det er dyrt å halde eit slikt helikopter, seier Eimhjellen

Vegopning på Bergum i Førde kommune