Hopp til innhold

Etterlyser 82-åring med namn og bilete

Vest politidistrikt gjekk laurdag kveld ut med namn og bilete på den 82 år gamle kvinna som er sakna i Førde.

Sakna Jorunn Molnes

SAKNA: Det er 82 år gamle Jorunn Molnes som er sakna i Førde.

Store leitemannskap har laurdag leita etter 82 år gamle Jorunn Molnes, som har vore sakna sidan fredag.

Politiet gjekk laurdag kveld ut med eit overvakingsbilete frå Elvetorget fredag klokka 16:28.

– Dersom nokon har sett henne etter dette, er politiet svært interessert i tips, skriv politiet på Twitter.

Kom ikkje heim

Kvinna vart meldt sakna då ho ikkje kom tilbake til omsorgsbustaden til avtalt tid fredag kveld. Politi, brannvesen, Røde Kors, Sivilforsvaret, Norsk Luftambulanse og Norske redningshundar har sidan i natt søkt etter kvinna.

Politiet har bede publikum om hjelp til å finne den sakna kvinna.

– Kvinna er cirka 150 centimeter høg og går med skaut og skjørt. Ho har kvitt hår og sleper litt på ein fot. Du kan kontakte politiet på telefon 02800 om du har tips eller observasjonar, sa operasjonsleiar Gustav Landro laurdag føremiddag.

Nye søk søndag

Linda Henriksen, Per Gunnar Engetrøen og hunden Indi

LEITAR: Linda Henriksen frå Florø Røde Kors Hjelpekorps og Per Gunnar Engetrøen og hunden Indie frå Norske Redningshunder i Ørsta, er med på leitinga etter den sakna kvinna.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Vest politidistrikt melde klokka 02:30 natt til søndag at dei avsluttar søket for natta, men at dei startar opp att kl. 09:00 søndag morgon med mannskap frå Sivilforsvaret og Røde Kors. Det blir oppretta to observasjonspostar langs elva.

– Vi skal søkje meir i elva, samstundes som vi leitar i Førde sentrum og går inn i mange bygningar. Vi har med oss ein del redningshundar, Sivilforsvaret og mannskap frå Eid Røde Kors Hjelpekorps, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue i Vest politidistrikt kl. 10 søndag føremiddag.

Leiteaksjon i Førde

SØKJER: Leitemannskap ved Øyrane i Førde søndag. Det blir søkt både i vatnet, på land og inne i bygningar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK