Hopp til innhold

Etterlengta tunnel opnar i oktober

Den nye Holentunnelen på fylkesveg 60 Olden - Innvik skulle opne i juli, men ein reknetabbe forseinka prosjektet.

Frå fylkesveg 60 Olden-Innvik

MOT BETRE TIDER: Fylkesveg 60 blir sakte men sikkert utbetra. Til hausten opnar ein ny tunnel på knappe 300 meter. Arkivfoto

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

No har Vegvesenet endeleg funne ein opningsdato for den etterlengta tunnelen som erstattar litt av den smale og svingete vegen mellom Byrkjelo og Stryn.

– Vi har sett ny frist for ferdigstilling av Holentunnelen. Det blir 14 oktober, opplyser prosjektleiar Jan Harald Huseklepp i Statens vegvesen til Fjordingen.

Reknetabbe

Bakgrunnen for forseinkinga er ein reknetabbe i samband med prosjekteringa av betongportalane i tunnelopningane.

Då kontrakten med leverandør vart signert hadde portalen i den austlege enden ei planlagt innvendig breidde på 9,6 meter. Men etter kontrollrekning fann ein ut at det ville bli for lite siktsone ved utgangen. Ein bestemte seg derfor for å utvide denne til 11,5 meter og måtte gå ein ny kontraktsrunde.

LES OGSÅ: Reknefeil utset Holentunnelen

Kostar meir

Endringa fører ifølgje Fjordingen til at ein treng 50 tonn meir armeringsgjern enn først tinga.

– Det er vanskeleg å seie kva dette vil koste. Samstundes med at vi får meirkostnad mot aust, har vi spart pengar på vestsida ved at portalen på den sida blir kortane enn planlagt, seier prosjektleiaren til avisa.

Strekninga Olden - Innvik er av fleire karakterisert som den dårlegaste vegstrekninga i landet, målt etter trafikk. Den 280 meter lange Holentunnelen er ein av to nye tunnelar på strekninga som skal sikre betre tryggleik og flyt i trafikken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.