NRK Meny
Normal

Etterlengta Terra-avklaring for Vik

Borgarting lagmannsrett har avvist anken frå forsikringselskapet ACE European Group Limited i saka som Haugesund kommune har ført på vegner av fleire Terra-kommunar, mellom dei Vik og Bremanger.

Oddbjørn Ese

LETTA RÅDMANN: Vik kommune kan rekne med å få åtte millionar kroner, seier rådmann Oddbjørn Ese.

Foto: Elias Engevik / NRK

Det betyr at dommen frå Oslo tingrett frå mai 2014 om at ACE skal betale kommunane 50 millionar kroner er stadfesta av lagmannsretten. For rådmann Oddbjørn Ese er dette godt nytt.

– Dette betyr at vi har fått ei etterlengta avklaring. Den dommen vi har fått i dag er vi godt nøgde med. Vi har hatt kort tid til å lese premissa, men slik eg les det har vi fått same resultatet i lagmannsretten som i tingretten.

Medrekna renter må ACE betale kommunane bortimot 80 millionar kroner. Av dette reknar Ese med at Vik får åtte millionar kroner.

– Vi er nøgde med dommen og med at det er slege fast at Terra har ansvaret for dei feilslegne pengeplasseringane. Og åtte millionar er eit betydeleg beløp for oss.

15 millionar til Bremanger

Men Oddbjørn Ese seier at dei framleis må ha is i magen, for dommen er ikkje rettskraftig enno. ACE kan kome til å anke vidare til Høgsterett.

NRK har og vore i kontakt med rådmann Tom Joensen i Bremanger kommune. Han hadde ikkje fått dommen før NRK ringde, og han må studere den nærare før han gir kommentar. Men i utgangspunktet skal Bremanger sin del av dei nær 80 millionar kronene vere rundt 15 millionar.

Forlik med DNB

Tidlegare har kommunane inngått eit forlik med DNB. Det innebar at dei to kommunane slapp med å betale halvparten av gjelda si til banken. For Vik betyr det 96 millionar kroner, for Bremanger 172 millionar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.