– Eg gruppe på fire personar går gjennom saka på nytt, for å kvalitetssikre etterforskinga og sjå etter nye arbeidsoppgåver eller nye innfallsvinklar til etterforskinga, seier regionlensmann Arne Johannesen i Sogn.
Gruppa består av ein person frå Kripos og etterforskarar frå politiet som jobbar seg gjennom etterforskingsmateriale etter at Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden 14. november. Obduksjonsrapporten konkluderte med at Veronica døydde av drukning og dødsfallet vart etterforska som mistenkjeleg.
- Les også:
Veker og månadar
Gjennomgangen vil ta tid, trur Johannesen.
– Det vil ta nokre veker og kanskje også månadar. Det er vanskeleg å seie, for det kan dukke opp nye arbeidsoppgåver undervegs. Men dette er først og fremst ei kvalitetssikring av alt som er gjort.
– Kva gjer etterforskarane?
– Ein går gjennom avhøyr, ser gjennom analysar og summerer opp. Så skal ein lage ei oppsummering av saka.
Arbeidsoppgåver er identifisert
Så langt kan ikkje Johannesen stadfeste om nye vitne skal kallast inn.
– Men eg kan seie at det er allereie identifisert arbeidsoppgåver som må gjerast. Det er heilt openbart, men kva tid dette skal skje er for tidleg å seie.
Utover dette ønskjer ikkje Johannesen å seie meir om innhaldet i etterforskinga og kva vurderingar dei gjer undervegs. Men saka er ikkje ferdig før denne gruppa har konkludert.