Helga har nådd Førde, og seks dagar etter at den 22 år gamle Anne Slåtten frå Rogaland vart funnen drepen i Angedalsvegen, går framleis drapsmannen laus. Ifølgje politiet har dei framleis heller ingen mistenkte i saka. Likevel har altså politet bestemt seg for å trappe ned etterforskinga, og fleire Kripos-etterforskarar reiste frå Sunnfjord alt fredag.
I overkant av 200 tips har kome inn til lensmannskontoret i Førde siste veka, og politet vil bruke det meste av helga til å setje saman puslespelet i håp om å ringe inn den som drap Anne Slåtten. Fleire av tipsa som er komne inn er framleis ikkje gjennomgått, og politet ber stadig om nye tips, om observasjonar frå perioden Anne Slåtten forlet bustaden sin og truleg gjekk i retning mot helsetunet, der ho skulle på jobb søndag morgon.