Hopp til innhold

Etterforskinga nærmar seg slutten - blir sendt påtalemakta over nyttår

Politiet er heilt i sluttfasen av etterforskinga av bussulykka på riksveg 55 i Fardal i Sogndal, der to kvinner mista livet.

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

STORE SKADAR: Dei to bussane fekk store materielle skadar i kollisjonen som tok to menneskeliv.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Åge Løseth

SNART TIL PÅTALEMAKTA: Regionlensmann Åge Løset seier ulykka i Fardal snart er ferdig etterforska.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Ulukka er nesten ferdig etterforska. No skal vi ta ein gjennomgang før saka blir sendt til påtalemakta, seier regionlensmann Åge Løseth.

To mista livet

Løseth har tidlegare sagt det har vore ei krevjande sak å jobbe med fordi det var mange vitne og mange skadde.

Det var 12. august i år at ein svensk turistbuss kolliderte med ein lokal rutebuss vest for Sogndal. Ei kvinne frå Ålesund og ei taiwansk kvinne omkom i ulykka.

Håpa på rettssak før jul

Den svenske sjåføren av turistbussen er sikta for aktlaus køyring, men erkjenner ikkje skuld i ulykka. Politiet har tidlegare i haust fått rapportane frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen, men ønskjer ikkje å utdjupe noko meir kring korleis ulykka skjedde.

Politiet håpa lenge å få saka for retten allereie i desember, men grunna auka arbeidsmengd har saka teke litt lenger tid å etterforske ferdig enn først tenkt.

– Vi håper å få sendt saka over til påtalemakta rett over nyttår, seier Løseth.

Ulykke Fardal i Sogn

VIDEO: To kvinner mista livet og fleire blei skadde i ulykka i Fardal.