Hopp til innhold

Etterforskar valdtekt i Førde sentrum

Tysdag kveld fekk politiet melding om at det skal ha skjedd ei valdtekt i Førde sentrum.

Politi etterforskar valdtekt i Førde

Onsdag kveld arbeidde politiet med hundar i området mellom Førdehuset og Prestebakken barnehage. Politi på staden ville ikkje kommentere om arbeidet hadde samanheng med valdtektssaka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Politiet etterforskar no ei valdtektssak etter at dei tysdag kveld fekk melding om ei valdtekt.

– Vi fekk inn ei melding ca halv ti i går kveld om ei valdtekt som skal ha skjedd mellom Førdehuset og Prestebakken barnehage. Vi har hatt innleiande avhøyr, mellom anna av fornærma, seier politijurist Erling Melvær.

Ein person under 18 år er sikta i saka, og skal ha ein relasjon til den fornærma. Også fornærma i saka skal vere under 18 år.

Politiet skal gjere vidare avhøyr torsdag.

– Politiet ønsker at personar som har vore i eller nær det aktuelle området mellom klokka 21.00 til 21.30 tar kontakt med politiet på telefonnummer 02800, seier Melvær.

Onsdag kveld arbeidde politiet med hundar i området mellom Førdehuset og Prestebakken barnehage. Politi på staden ville ikkje kommentere om arbeidet hadde samanheng med valdtektssaka.