NRK Meny
Normal

Etterforskar valdtekt i Førde

Politiet held i dag fram med etterforskinga av ei valdtekta i Førde sentrum, med avhøyr og undersøking av tekniske spor.

Åstad

HER: Det er i dette området mellom Førdehuset og Prestebakken barnehage at valdtekta skal ha skjedd tysdag kveld.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Onsdag kveld vart det klart at politiet etterforskar ei valdtekt i Førde sentrum. Dei involverte i saka skal vere under 16 år.

Lensmann i Førde og Naustdal, Dag Fiske, fortel at politiet ikkje ser på saka som ei overfallsvaldtekt, og at det er ein relasjon mellom dei to involverte.

– Den sikta i saka sit i varetekt hjå politiet. Vi har framleis ikkje tatt stilling til om vedkommande skal framstillast for fengsling, seier Fiske.

Tekniske spor

Valdtekta skal ha skjedd mellom Førdehuset og Prestebakken barnehage. Fiske fortel at politiet onsdag undersøkte åstaden og gjennomførte dei første avhøyra i saka. Torsdag held etterforskinga fram med fleire avhøyr og undersøking av tekniske spor.

– I dag skal vi halde fram med oppfølgande avhøyr av vitne og fornærma i saka. I tillegg skal vi undersøke tekniske spor, slik som telefonar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå