Hopp til innhold

Politiet etterforskar mot eit bestemt miljø etter at Veronica forsvann

SOGNDAL (NRK.no): Fleire personar i eit bestemt miljø i Indre Sogn har vore i politiavhøyr etter at Veronica Heggheim Stegegjerdet forsvann frå heimen sin i Årøy i Sogndal 25. oktober. Blant dei er mannen som køyrde Veronica heim den dagen ho sist blei sett.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA LENGE: Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna sidan 25. oktober. Politiet har sperra av inngangsdøra til bustaden hennar i Årøy i Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

NRK veit at politiet i Sogn har hatt eit ekstra fokus retta mot ein del personar i Veronica sin utvida omgangskrins etter forsvinninga. Fleire av desse har vore inne til avhøyr på Sogndal lensmannskontor.

Avhøyra skal vere ein viktig del av politiet sitt arbeid med å prøve å kartleggje den sakna kvinna sine rørsler både i tida før ho forsvann, men også i dagane som gjekk frå ho sist blei sett til ho formelt blei meld sakna 28. oktober klokka 16.49.

Mann er sentralt vitne

Det har ei tid vore kjend at den som såg Veronica sist var ein mann som køyrde ho heim til bustaden i Årøy på føremiddagen laurdag 25. oktober. NRK veit at denne mannen blir rekna som eit svært sentralt vitne av politiet.

– Eg kan ikkje seie noko om einskilde detaljar eller personar sin status i saka. Det er ingen spesielle forhold som gjer at vi gjer oss tankar rundt desse tinga no, seier fungerande regionlensmann Asle Karoliussen til NRK.

NRK presiserer at ingen av dei som har vore til avhøyr i forsvinningssaka har status hos politiet som noko anna enn vitne.

– Viktigaste er å finne Veronica

Politiet vil verken stadfeste eller avkrefte NRK sine opplysningar, og Karoliussen legg stor vekt på at det viktigaste uansett er å finne den sakna 22-åringen.

– Det viktigaste er å finne Veronica. Vi har gjort undersøkingar for å belyse dei tilhøva som knyter seg til den sakna, utover det så kan eg ikkje kommentere noko knytte til det. Men vi jobbar med det, og vi vil halde fram med å jobbe med ting som har med forsvinninga å gjere. Så får vi sjå kor det ender opp til slutt, seier han til NRK.

Etterforskar i brei skala

På spørsmål om etterforskinga av saka mellom anna dreier seg om eit bestemt miljø i Indre Sogn, svarar Karoliussen slik:

– Eg kan ikkje kommentere spesifikke opplysningar knytte til saka. Vi jobbar framleis med å få belyst saka i så brei skala som vi kan. Så får vi sjå kva det medfører av enkelttilhøve som vi må gå inn i. Men per no så er det ingenting som gjev oss nokon bestemt retning.

Leitar vidare i helga

Som NRK omtala torsdag, held både etterforskinga og leitinga fram med uforminska styrke både fredag og gjennom helga. Eit sonarskip og ein ROV, ein type miniubåt, vil vere på plass fredag.

I tillegg til at politiet vonar å få hjelp av politihelikopteret. Målet er å kartleggje turområde som tidlegare ikkje har blitt undersøkt i samband med forsvinninga. Ein taktisk etterforskar frå Kripos skal også vere på plass før helga.

– Vi har lagt planar for dagane som kjem, også helga, og det vil ikkje bli trappa ned. No får vi taktikaren på plass fredag, og eg vil tru at det vil generere nye arbeidsoppgåver og ny aktivitet, seier fungerande regionlensmann Asle Karoliussen til NRK torsdag ettermiddag.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu