Hopp til innhold

Etterforskar mogleg overgrep på hotell i Førde

Politiet stadfestar tysdag ettermiddag at dei har oppretta det dei kallar ei undersøkingssak etter melding om eit mogleg overgrep på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde i natt.

Scandic Sunnfjord Hotell i Førde

HAR UNDERSØKT: Politiet har gjennomført ei åstadsundersøking på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Vi har ei undersøkingssak på gang, etter at vi har fått melding om eit forhold der vi no undersøker fakta, seier lensmann i Førde og Naustdal, Dag Fiske til NRK.

Politiet vart kontakta i morgontimane tysdag. Meldinga kom frå ein annan person enn den som er mogleg fornærma i saka.

Fiske vil ikkje gå i detaljar, men seier dei no er i ein kartleggingsfase om kor vidt det er snakk om eit overgrep. Hendinga har skjedd i løpet av natta.

– Vi pratar i dag med vitne og andre involverte i saka, seier Fiske.

Både mogleg offer og mogleg gjerningsperson er namngjevne personar.

– Vi har gjort ei åstadsundersøking av det som kan vere åstaden. Vi definerer det ikkje som åstad, før vi har avdekt om det er eit straffbart forhold.

Hotelldirektør Odd Erik Gullaksen seier til NRK.no at han er orientert om forholdet, men vil utover det ikkje kommentere saka.