Hopp til innhold

Etterforskar mogleg overgrep mot ung kvinne i Sogndal

Politiet har sett i verk full etterforsking etter at ei kvinne skal ha blitt utsett for overgrep i Sogndal natt til søndag.

Sogndal

Det er Sogn Avis som melder måndag ettermiddag at Nattuglene varsla politiet om at det kunne ha skjedd noko kriminelt.

– Politipatruljen fekk melding i totida natt til søndag. Det var Nattuglene som melde frå til politiet at det var ei ung jente som hadde varsla dei om eit mogleg overgrep. Vi har gjort ein del etterforskingsgrep i dag og vi prøver å sjekke ut kva som har skjedd, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen til NRK.

Han seier vidare at politiet ikkje har mistanke til nokon konkret gjerningsmann, men at dei ønskjer kontakt med folk som kan ha sett noko knytta til hendinga i Sogndal sentrum.

– Vi ønskjer å kome i kontakt med to unge jenter som snakka med Nattuglene om lag klokka to natt til søndag. Dei kan ha informasjon vi treng, seier Johannessen.

Politiet er også i ferd med å sikre seg overvakningsbilete frå Sogndal sentrum i det aktuelle tidsrommet.