Etterforskar dødsulukke

Politiet veit framleis ikkje kva som skjedde då to bilar frontkolliderte på Stårheim i Eid fredag.

Arkivfoto
Foto: Øystein Torheim

Ei kvinne i femtiåra mista livet då bilen hennar frontkolliderte med ein bil som kom over i feil køyrefelt.

Eit vitne har sett at bilen som kvinna frontkolliderte med køyrde vinglete.