Hopp til innhold

Politiet: – Vi etterforskar det som mistenkjeleg

Politiet har sett i gang etterforsking etter at ein person blei funnen død på eit hotell i Svelgen i Bremanger kommune.

Aktivitet ved hotell i Svelgen

HELD VAKT: Politiet heldt vakt ved flotellet i Svelgen søndag kveld. Eit større område er avsperra.

Foto: NRK-tipsar

– Det var eit uventa dødsfall, så vi etterforskar det som mistenkjeleg, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Politiet er ved ein flytande del av hotellet – eit såkalla flotell – for å gjere undersøkingar etter at ein person blei funnen død på sundag kring kl. 14. Ein del av området er sperra av, blant anna vegane ned til hotellet.

– Vi gjer undersøkingar for å sjå om det kan ha skjedd noko spesielt før dødsfallet, seier Sætre.

Vest politidistrikt skriv i ei pressemelding at det er funn på staden som fører til at politiet gjer undersøkingar.

Fleire vert no avhøyrde av politiet sundag kveld. Dette gjeld vitne og andre i området.

Politiet vil ikkje gå ut med kjønn eller nasjonalitet før pårørande er varsla.

– Personen vil bli obdusert, seier Sætre.

Drivaren av hotellet seier til NRK at det var kompisar av den avdøde som fann personen død på rommet, og at drivaren då varsla politiet.