Etterforskar branntilløp
Natt til måndag kunne Krokane skule i Florø i verste fall ha gått opp i røyk. Politiet prøver no å finne ut av om det er snakk om eit uhell eller eit forsøk på brannstifting, skriv Firdaposten. – Her hadde flammane slikka oppetter veggen og det var sotmerke der. I verste fall kunne dette resultert i ein større brann, fortel politistasjonssjef i Florø, Wenke Hope, til avisa.