NRK Meny
Normal

Etterforskar brann i gardsbygning

Politiet skal tysdag gjere ei åstadsundersøking i gardsbygningen som søndag brann ned til grunnen i Hyllestad.

Laster kart, vennligst vent...

BRANN: Politiet har rutinemessig oppretta sak etter at ein gardsbygning brann ned til grunnen søndag føremiddag.

Ingen personar eller dyr kom til skade då ei løe i Rysjedalsvika brann ned til grunnen i går føremiddag. Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen og hindra den i å spreie seg.

Skal gjere undersøkingar

Alle naudetatane rykte ut etter melding om brannen. Politiet har oppretta sak og etterforskar brannen på vanleg måte.

– Det er altfor tidleg å konkludere med brannårsak, men vi har nokre opplysningar å gå etter, seier politiførstebetjent Rolf Aamot ved Hyllestad lensmannskontor.

Tysdag blir det gjennomført undersøkingar på branntomta i håp om å finne svar på kva som skjedde.

Ifølgje politiet gjekk ein traktor og diverse anna utstyr med i flammane.

Brannmann skadd

Etter at brannvesenet hadde fått kontroll på brannen vart tankbilen send til Hyllestad for å fylle vatn. På veg tilbake til brannstaden køyrde brannbilen i grøfta.

Brannsjef i Hyllestad, Bjørnar Drøsdal, seier det han veit om hendinga er at tankbilen kom for langt ut på asfaltkanten før kanten tok tak i bilen og forårsaka utforkøyringa.

Drøsdal seier hendinga ikkje fekk innverknad på skadeomfanget til brannen, då dei hadde kontroll på staden før den sende tankbilen for å fylle. Dei vil følgje opp hendinga, mellom anna ved å snakke med føraren om ulukka.

Den 57 år gamle brannmannen som køyrde tankbilen vart send til Førde sentralsjukehus etter utforkøyringa. Ifølgje Helse Førde er han lettare skadd.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser