Hopp til innhold

Etter sju års ventetid er konsesjonssøknaden behandla

Fem statsrådar har hatt konsesjonssøknaden på bordet. Etter sju års ventetid vende i dag olje- og energidepartementet tommelen opp for utviding av settefiskanlegget i Arnafjord.

Ola Braanaas

GLAD: Ola Braanaas er ikkje kjend med innhaldet i konsesjonen, men konstaterer at det går rett veg med tanke på aktivitet i settefiskanlegget i Arnafjord.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Departementet gav måndag Firda Settefisk Arnafjord konsesjon etter vassressurslova til vassuttak for settefiskanlegget i Vik kommune.

– Veldig gledeleg, og det betyr at vi har fått grønt lys til å utvide anlegget frå opphavleg ein millionar smolt til 2,5 millionar smolt. Vårt ynskje er også å byggje eit såkalla postsmoltanlegg der vi tek fisken fram til mellom 500 gram og ein kilo, seier Ola Braanaas hos Firda Sjøfarmer.

Fem statsrådar

Men det har vore ei «lang natts ferd mot dag» for settefiskanlegget i Arnafjord. Konsesjonssøknaden har nemleg ligge til behandling i sju år og dermed blitt liggande i skuffen til ikkje mindre enn fem statsrådar.

Sjølv om alle høyringsinstansar, med unntak av NVE, har gjeve tommelen opp.

– Settefiskanlegget er viktig for sysselsetting i Vik kommune, og for verdiskapinga i Arnafjorden, seier olje- og energiminister Tord Lien i ei pressemelding.

Tok over i mai

Firda Sjøfarmer tok over anlegget i mai i fjor, og Braanaas seier dei fekk lovnad frå dåverande regjering om at konsesjonen ville vere på plass før valet. Slik gjekk det ikkje.

I februar var Braanaas på nytt i Oslo for å diskutere saka med statsråden. I dag kom svaret.

– Olje- og energiminister Tord Lien har engasjert seg personleg i saka, og vi har diskutert den ved fleire høve. Han har vore utolmodig etter å få løyst saka, og han syner her at han er ein statsråd som gjennomfører politikk, og ikkje berre snakkar om den i festtalar, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik i ei pressemelding.

Over 50 millionar

Braanaas presiserer overfor NRK.no at han berre har fått varsel om at konsesjonspapira er på veg. Han kjenner ikkje innhaldet.

Om alt går som han håpar går det endeleg mot investeringar på over 50 millionar kroner for å etablere 10–15 arbeidsplassar i Arnafjord.

– Det er jo heilt utruleg at den vart liggande sju år i byråkratisystemet. Vi trudde dette ville gå raskt då vi tok over i mai, men då søknaden ikkje vart behandla la vi ned drifta og permitterte dei tre tilsette, seier han.

Utdaterte uttalar

No berre håpar Braanaas at dei ikkje må gjennom sju nye år før dei får svar på søknaden om å starte postsmoltanlegget. For uttalane som vart gjevne for sju år sidan er gått ut på dato.

– No tok det sju år sist, men eg håpar vi skal finne ei løysing så det ikkje tek sju år no. Vi er optimistiske og håpar vi er i gang om eit halvår eller år. Då må vi også fått teikna anlegget, prosjektert det og vere klar til å trykke på knappen, seier Braanaas og legg til at anlegget også har ein del pålegg frå fylkesmiljøvernavdelinga som dei må følgje opp.

– Dette er pålegg som tidlegare eigar ikkje har følgd opp, og som vi ikkje ville gjere noko med før vi fekk svar på søknaden. No kan vi byrje å sjå på dei, avsluttar Braanaas.