Hopp til innhold

Etter over eitt år på sidelinja er stortalentet endeleg tilbake på bana

BERGEN (NRK): Kjerstin Boge Solås (20) har lagt bak seg eit langt år med opptrening etter skade. No siktar ho mot landslaget igjen.

Tertnes-spelar Kjerstin Boge Solås på HVL

SMILER: – Eg har hatt god støtte frå lagkameratane og dei rundt meg under opptreninga, seier Kjerstin Boge Solås. På sida av handballen tar ho ei bachelorgrad for å bli kommunikasjonsingeniør.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det nærmar seg jo EM og eg er jo gira på å vera med der. Men først må eg sjå om eg kjem meg tilbake på det nivået eg var på før skaden, seier Tertnes-spelar Kjerstin Boge Solås til NRK.

I slutten av august i fjor rauk den unge handballspelaren korsbandet i det høgre kneet, som sette ho på sidelinja i eit heilt år. Først 28. august i år var ho tilbake på bana igjen med fem minutt speletid i ein cupkamp mot Os.

Boge Solås var berre 18 år då ho var med det norske landslaget å vinna EM-gull i desember 2016, men sidan har både korsbandskaden og ein annan kneskade gjort at det har blitt lite kamptrening.

Takkar lagkameratane

Korsbandskadar er ein del av kvardagen til aktive handballspelarar, og det har hjelpt Boge Solås i opptreninga etter skaden.

– Det har gått overraskande bra. Eg var litt deppa då eg fekk skaden, men eg veit at mange handballspelarar har vore gjennom det same tidlegare. Og så var eg med lagkameratane på trening store delar av tida eg var skada og støtta deira har vore viktig, seier 20-åringen.

På onsdag serieopnar Tertnes heime mot Molde i eliteserien. Det blir Boge Solås sin tredje kamp etter skadeavbrekket, men til no har det blitt med nokre små minutt her og der.

– Eg må skunde meg sakte. For sjølv om målet på lang sikt er å etablera meg på landslaget, så er det kortsiktige målet å vera i stand til å spela ein heil kamp, seier ho.

Til no er det lengste ho har spelt 15 minutt i cupkampen mot AK-28.

EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

GULLJUBEL: Kjerstin Boge Solås kunne jubla for EM-trofeet etter at Noreg slo Nederland 30–29 i finalen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Mål om medalje

I desember skal landslaget nok ein gong ut i meisterskap. Då ventar EM i Frankrike og Noreg er tittelforsvararar. Men først står mange viktige seriekampar for tur for Boge Solås og Tertnes.

– Vi har eit ungt lag, men alle har blitt eitt år eldre sidan i fjor. Vi har som mål å kjempa om medalje, seier ho.

Før EM-sluttspelet tar til i november/desember har Boge Solås ni seriekampar på seg til å visa landslagsleiinga at ho fortener ein ny plass i troppen.