Hopp til innhold

Etter nær fem år var ventetida over

For første gang sidan 25. september 2005 gav Tommy Øren heimepublikumet ei scoring å juble for.

Video Sogndal-Strommen 5-1

SJÅ: Tommy Øren fastsette sluttresultatet til 5-1 mot Strømmen.

Sist årdølen fekk nettkjenning på Fosshaugane, var 1-0 sigeren over Moss. Etter fire år på Hamar, kom 30-åringen attende til Fosshaugane før årets sesong.

20 minutt etter at han entra bana mot Strømmen, kunne Øren endeleg ta imot honnør frå heimepublikumet. Eit innlegg frå Ole Jørgen Halvorsen vart elegant stussa frå Håvard Flo til Tommy Øren som elegant chippa ballen i mål.

- Det begynner å bli ei stund sidan siste mål på heimebane. Men så var dette ei fin anledning, seier Øren etter Sogndal sin knusande 5-1 siger mot Strømmen.

- Var i offside

Tommy Øren

Tommy Øren gjorde si tredje scoring for sesongen heime mot Strømmen - det var også hans første på nær fem år på Fosshaugane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ørens to einaste seriemål i år, før oppgjeret mot Strømmen, har kome på bortebane. Den første i Alta, den andre på Jæren mot Bryne.

Mot Strømmen kunne det også blitt eitt andre mål for innbyttaren, men den herlege flikken på Per Egil Flo sitt langskot vart greitt plukka av gjestenes Kim Hording mellom stengene.

- Det er slikt du tek på sparket. Det var reint instinkt, men så var det også offside, seier Øren.

Ikkje nøgd med benken

Øren har måtte finne seg i å slite benken på årets sogndallag. Berre tre kampar har det blitt frå start. Sju gonger har han kome inn som innbyttar.

Som fotballspelarar flest, er ikkje årdølen nøgd med å slite benken.

- Nei, det er eg ikkje, men dei har gjort det bra dei som har spelt. I tillegg har det vore litt berg og dalbane med skader og slikt. Det er berre å jobbe vidare, seier han.

- Lang haust

Angrepsspelaren som for lengst har passert 50 mål på over 200 obligatoriske kampar, har ikkje tenkt noko på kva som skjer til neste år.

- Eg reknar med eg er med så lenge eg presterer. Så det er ok. Men eg ynskjer sjølvsagt å vere mellom dei 11 som startar kampane. Det er ein lang haust att, så vi får sjå, avsluttar Øren.