Hopp til innhold

Etter fleire år med prat er det klart – her blir det konsertlokale

Til sommaren kjem det klubbscene på Sunnfjord Hotel i Førde, og utsida kan bli pryda av eit åtte meter høgt verk av Oddvar Torsheim.

Torsheim-kunstverk på hotellet

TORSHEIM-PRYD: Slik kan den utvida delen av hotellet sjå ut til neste år

– Me har prata med Oddvar Torsheim, og me ønsker å bruka eit av bilda hans for å dekorera veggen, seier Odd Erik Gullaksen, som er direktør på Scandic Sunnfjord Hotel.

Gullaksen veit ikkje sikkert kva Torsheim-motiv dei vil gå for, men fortel at Sunnfjord Hotel har sendt inn søknad til kommunen for å høyra deira meining om dekoren.

Det som er klart er at Førde, etter fleire år med prat, skal få si etterlengta klubbscene. Sunnfjord Hotel skal investera vel 25 millionar i klubbscene-området.

– Målet er å begynna rett over jul, og det skal stå klart til sommaren, seier Gullaksen.

Kompetansesenteret Brak, som jobbar for betring av musikkmiljø, håper dette vil få interessa for musikk til å bloma framover.

– Musikkmiljøet i Førde har sakna ei mindre klubbscene. Ikkje minst ein stad der band som er på turné kan stoppa, men samtidig vera ein stad der musikkmiljøet i Førde kan utvikla seg på, seier Karen Sofie Sørensen som er dagleg leiar for Brak.

Vil at artistar skal stoppa i Førde

– Her kjem me til å få eit kraftig og veldig bra lyd- og lysanlegg. Me skal vera ein levande stad kvar helg, men også i vekedagane, seier Gullaksen.

Han fortel at Førdefestivalen og Fjordane Musikkforum vil vera viktige aktørar på scena, og at hotellet ønsker samarbeid med studentmiljøet, og å vera ein arena for dei.

Hotellet ønsker også at nye band frå Sogn og Fjordane skal vera ein del av scena. Mykje av utstyret som band treng, skal vera montert i salen.

– Dette blir ei scene for det lokale musikkmiljøet, men me håpar også at band og artistar som reiser rundt på Noregsturné skal stoppa i Førde.

Direktør Sunnfjord Hotel

HER BLIR DET INNGANG: Hotelldirektør Odd Erik Gullaksen viser kor klubbscene-inngangen kjem.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Ei etterlengta scene

– Me har jobba med dette ein god del år. Musikkmiljøet i Førde var ute etter ein klubbscene, og me gav beskjed om at me var interesserte i dette, seier Gullaksen.

Etter nokre rundar med arkitektar og folk frå musikkmiljøet kom dei fram til at hotellet var eit godt alternativ. Gullaksen fortel at alt er ferdigteikna, og at ein no jobbar med korleis det skal sjå ut innvendig.

– Scena kjem til å bli bygga ut mot Firda Billag, og me kjem til å ha med eit galleri, sånn at me får eit konsertlokale med to etasjar, seier Gullaksen.

Kapasiteten blir på ca. 500 personar på ståande konsertar, og i overkant av 300 på sittande konsertar.

Det blir laga eit eige inngangsparti, med ei trapp som fører deg direkte opp til klubbscene-området.

Sunnfjord Hotel

SCENA KJEM HER: Her i 'Storehagen' skal det byggast om og utvidast etter jul.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK