NRK Meny
Normal

Etter fleire år med nedgang går opplagstala no oppover

Fem av åtte lokalaviser i Sogn og Fjordane gjekk fram i 2017. Fjordenes Tidende hadde størst grunn til å juble.

Journalistar feirar med kringle

FEIRING: Journalist Janne Listhaug Weltzien får eit stykke med fersk kringle av kollega Svanhild Breidalen for å feire dagens opplagstal for Fjordenes Tidende.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er veldig hyggelege tal etter mange år med nedgang.

Det seier ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge. Han meiner rask publisering av nyhende på nett og folk sin vilje til å betale for innhaldet er noko av årsaka til framgangen. Den store interessa rundt kommunesamanslåingar er ein annan del av biletet.

Lokalaviser har ein sterk posisjon. Sjølv om mange ytrar seg på sosiale medium om kva som skjer, så er det likevel viktig med ei lokalavis som er til stades og passar må. Av og til likar folk det vi gjer, av og til vert dei sinte. Sånn må det vere.

Nedgang i Sogn

Nye tal publisert av Medier24 syner opplagstala for lokalaviser i Noreg. Avisene som auka opplaget sitt frå 2016 til 2017 er Firda, Fjordabladet, Firdaposten, Fjordingen og Fjordenes Tidende. Tala syner og at Ytre Sogn avis har hatt størst nedgang saman med Sogn Avis og Firda Tidend.

Dei som kunne smile breiast var redaksjonen i Fjordenes Tidende. Med eit gjennomsnittleg opplag på 4 403 per utgåve, gjekk avisa fram 1,6 prosent i fjor, medan dei året før gjekk tilbake 3,7 prosent. I den andre enden av skalaen ligg Ytre Sogn avis. Ytre Sogn var avisa med lågast opplag og den avisa som gjekk mest tilbake her i fylket. Nedgangen frå 2016 til 2017 var på 2,9 prosent og dei selde i snitt 1 415 per utgåve i fjor.

Må bli betre digitalt

- Det er sjølvsagt ikkje kjekt, men det er tal til å leve med, seier Jan Inge Fardal, redaktør i Sogn Avis, som hadde ein nedgang på 2,5 prosent.

For to år sidan var Sogn Avis opplagsvinnar. Redaktøren innrømmer at dei har vore treige på overgangen til digitale plattformer.

- Vi er gode på å lage papiravis, men vi har ein jobb å gjere når det gjeld det digitale. Den negative utviklinga skal vi klare å snu.

Fardal meiner det er eit ressursspørsmål.

– Utfordringa er at vi står aleine og ikkje er del av eit større konsern. Vi har starta arbeidet med å finne nokon å utvikle oss saman med.

Firda har ifølgje Medier24 det største opplagstalet, med eit opplag på 10 944.

Laster Highcharts-innhold